Knallvær på Åbittinden (11.03.2017)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 5h 00min
Vertical meters 900m
Map
Ascents Inste Åbittinden (1,396m) 11.03.2017 17:13
Visits of other PBEs Trolltinden p-plass (495m) 11.03.2017 17:10

Turhelg til Nordmøre for alpine aktivitetar! Vi hadde alpin start frå Trondheim med mål om Åbittind-Trolltind-traversen, som hadde blitt beskrive med svært smektande rapportar her på peaker'n.

Været overgikk seg sjølv, og det såg ut som heile midtnoreg hadde samla seg på parkeringa. Dei aller fleste skulle på Trolltinden, men sannelig var det også ein gjeng som gikk mot naboen - mellom anna 4 som også skulle gå traversen.

Man blir raskt varm på dagar som dette!
Man blir raskt varm på dagar som dette!
Skrommelnebba tar seg flott ut!
Skrommelnebba tar seg flott ut!

Pål Christian hadde satsa på fjellski med kortfellar, og kortfellane sat hverken fast i snøen eller i skia. Men han er ikkje ein type som gir opp av den grunn, og fikk tidenes full-body-workout opp bakkane. Det gikk faktisk ganske radig, og vi havna kjapt bak ein gjeng som var svært svært omstendelige med HMS-arbeidet opp dei ikkje alt for bratte bakkane.

Ryssdalsnebba og Trolltind.
Ryssdalsnebba og Trolltind.
Trolltind-Åbittind-traversen
Trolltind-Åbittind-traversen

Då vi var rett under toppen oppdaga vi at vi berre hadde ein klatresele på deling, og slikt blir det ikkje klatring av i 2017. Så vi la att tauet, spente på oss stegjerna og klatra opp siste snøbakken for å sjekke utsikta frå toppen. Snøbakken var spennande den også, og utsikta var intet mindre enn fantastisk.

Opp snøbakken. Finfin hold i snøen, lite eksponert, men bratt nok til at det var spennande.
Opp snøbakken. Finfin hold i snøen, lite eksponert, men bratt nok til at det var spennande.
Siste biten mot toppen.
Siste biten mot toppen.

Vel på toppen såg vi at dei fire som hadde byrja på traversen tok seg svært god tid. Like greit å rusle nedatt.

Traversen er jo full av folk! Vi går nedatt.
Traversen er jo full av folk! Vi går nedatt.
Fint vær altså!
Fint vær altså!

Nedkøyringa var noko hard og ingen dødsstor oppleving, men på parkeringsplassen møtte eg ein kompis som inviterte oss på heimelaga pizza og husly på Eidsfjord. Det høyrdest straks bedre ut enn telt og drytec - noko som svært godt med på neste dags eventyr, som vart meget mer skarpt.

Før vi åt pizza stakk vi på safari i Eresfjord.
Før vi åt pizza stakk vi på safari i Eresfjord.
Goksøyra er mykje stein på ein plass, altså
Goksøyra er mykje stein på ein plass, altså

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.