Vådlandsknuten (07.01.2017)

Skrevet av kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Startsted Fossbekken (380moh)
Sluttsted Fossbekken (380moh)
Turtype Fottur
Turlengde 7t 30min
Kart
Bestigninger Vådlandsknuten (811moh) 07.01.2017

Litt snø og isete veg oppover frå Madland, men det hadde tint såpass i hjulspora at eg kunne kjøre heilt opp til parkeringsplassen. Det stod 3 andre biler der. Var 6-8 cm snø som var kram med svak skorpe etter mildveret dagen før. Gjekk opp langs Fossbekken og over Fisketjørnane som såvidt var gangbare igjen etter et par dager med frost. Vidare oppover auka det litt på med snøen og det var nokre dager gamle fotspor, men ikkje dagsferske spor forbi Indra Fisketjørna. Litt tungt å gå i snøen som ikkje hadde berande skare, men det var ikkje akkurat skiføre heller så fottur var nok rette framkomstmåten.
Vardeboka på toppen var bytta ut 1. nyttårsdag og eg vart andre mann til å signere boka for i år. Det var visstnok 832 besøkande i fjor. Gjekk vidare ned til Vådlandsvatnet for å sjekke isforholda, men der var det bare 3 cm stålis under 4 cm vaudl så ikkje vits å gå utpå der. Gjekk langs land i nordsida tilbake mot Fisketjørnane ned til parkeringsplassen der min bil nå var den einaste som stod igjen.

Heimre Fisketjørna 485 moh.
Heimre Fisketjørna 485 moh.
Indra Fisketjørna 489 moh.
Indra Fisketjørna 489 moh.
Ikkje skiføre i 6-700 m høgde.
Ikkje skiføre i 6-700 m høgde.
Varden på Vådlandsknuten.
Varden på Vådlandsknuten.
Sørover mot Skykula i det fjerne og Vinjakula t.v.
Sørover mot Skykula i det fjerne og Vinjakula t.v.
Nordover mot Bynuten som kan skimtas i bakgrunnen.
Nordover mot Bynuten som kan skimtas i bakgrunnen.
Austover mot Frafjordheiane i bakgrunnen.
Austover mot Frafjordheiane i bakgrunnen.
Vådlandsvatnet 656 moh i solnedgang.
Vådlandsvatnet 656 moh i solnedgang.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.