Snota og Vassdalsfjellet (25.09.2016)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Bjørkøya p-plass (337m)
Endpoint Bjørkøya p-plass (337m)
Characteristic Hillwalk
Duration 11h 15min
Map
Ascents Snota (1,669m) 25.09.2016
Litl-Snota (1,566m) 25.09.2016
Snota NV (1,475m) 25.09.2016
Vassdalsfjellet (1,204m) 25.09.2016
Vassdalsfjellet N (1,182m) 25.09.2016

Etter ei drøy veke på Nordmøre fant eg endelig det rette vervinduet for tur til Snota. Hadde tenkt å ta turen i det varme veret veka før men pga disisg luft valgte eg å utsetja det. Denne sundagen var det overskya men klar og god sikt. Det var 14-15 grader i låglandet om morgonen og haurte i radioen det var nær tropenått fleire plasser på vestlandet. Det var meldt regn dei neste dagane, så dette låg an til å verte siste sommardag og forsåvidt siste mulighet for barmarkstur til Snota for i år.
Kjørte opp Vinddøldalen og parkerte 600 m nord for bommen. Sykla derfrå den fine grusvegen sørover meste uten stigning dei fyrste 6-7 km. La i frå meg sykkelen i den bratte bakken opp til Øvre Kløftsetra og gjekk så på T-merkt sti opp Skrøådalen skilta mot Trollheimshytta. Åt ein del blåbær oppover. Greit å verte forsynt med proviant langs stien. Vest for Skrøådalsvatna gjekk eg sørover opp den bratte fjellsida og fulgte ryggen opp til Litl-Snota. Der såg eg 6 personer på veg ned frå Snota og eg passerte dei ved den litla tjødna mellom Snotatoppane, mens ein einslig kar gjekk på vestsida av tjødna.
Nå gjenstod bare 200 hm stigning opp nordryggen til Snota samtidig som det klarna opp frå vest og sola kom fram i god tid før eg nådde toppen. For ein dag, meste Øyvindvær på Snota. Heilt fantastisk! Var på toppen i ca 2 t og signerte vardeboka der heile 16 stk hadde signert tidligare denne dagen, men dei hadde ikkje så fint ver så meg. Ikkje alltid det svarer seg å vera tidlig ute! Påfriskande sønnavind, men ellers behagelig temperatur til å vere i slutten av september.
Planen var å ta med Vassdalsfjellet så eg gjekk ut i vestsida av Snota og såg etter farbare ruter ned og fant ei grei grusrenne så nedstigninga gjekk raskt dei fyste 400 hm før eg skrådde sørover og så vest- og nordvestover til Vassdalsfjellet. Trigpunktet er eit stykke nord for toppen, og har betre utsikt over Vinddøldalen. Nordegga på Vassdalsfjelellet er særs bratt så eg var litt spent på korleis gå ned der, men eg fant eit tydelig stitråkk ned i austsida og omgjekk dermed greit det stupbratte partiet. Gjekk så ned til nordenden av Vassdalsvatnet og der var det ein trimpost. Derfrå er det anleggsveg ned til Kløftsetra. Så gjenstod bare ein rolig sykkeltur i mørket tilbake til Bjørkøya p-plass, og eg kunne nå sjå tilbake på ein lang og flott turdag.

Bommen i Vinddøldalen. Ryggen mot Litl-snota i bakgrunnen.
Bommen i Vinddøldalen. Ryggen mot Litl-snota i bakgrunnen.
Frå Øvre Kløftsetra mot Skrøådalen.
Frå Øvre Kløftsetra mot Skrøådalen.
Bratt nordvent fjellrygg opp frå Skrøådalen.
Bratt nordvent fjellrygg opp frå Skrøådalen.
Vassdalsvatnet og nordeggen til Vassdalsfjellet. Rognnebba og Fruhøtta bak.
Vassdalsvatnet og nordeggen til Vassdalsfjellet. Rognnebba og Fruhøtta bak.
Tilbakeblikk utover Vinddøldalen.
Tilbakeblikk utover Vinddøldalen.
Mot Snota-toppane.
Mot Snota-toppane.
Snota sett frå Litl-Snota.
Snota sett frå Litl-Snota.
Litl-Snota sett frå oppstigninga til Snota.
Litl-Snota sett frå oppstigninga til Snota.
Varden på Snota.
Varden på Snota.
Med sjølvutløyser på kameraet.
Med sjølvutløyser på kameraet.
Nordover mot Litl-Snota og Gråsjøen og Foldsjøen bak.
Nordover mot Litl-Snota og Gråsjøen og Foldsjøen bak.
Austover mot Trollhøtta og sørenden av Gråsjøen foran t.v.
Austover mot Trollhøtta og sørenden av Gråsjøen foran t.v.
Søraustover.
Søraustover.
Sørover mot Salen og Neådalssnota.
Sørover mot Salen og Neådalssnota.
Gjekk ned denne renna i vestsida av Snota.
Gjekk ned denne renna i vestsida av Snota.
Mektige tårn over meg.
Mektige tårn over meg.
Solnedgang bak Rognnebba.
Solnedgang bak Rognnebba.
Vassdalsvatnet.
Vassdalsvatnet.
På Vassdalsfjellet med Vinddøldalen i bakgrunnen.
På Vassdalsfjellet med Vinddøldalen i bakgrunnen.
Tilbakeblikk mot Snota i blåtimen.
Tilbakeblikk mot Snota i blåtimen.

User comments

  • -
    avatar

    Heldig med den!

    Written by Øyvindbr 22.11.2016 09:45

    Ikke alltid det lønner seg å være tidlig ute nei. Husker i 2008 etter en jøkultur at en i følget sa "er det virkelig syvsoverne som skal få det fine været??" Da var vi ferdige med turen og hadde opplevd Hardangerjøkulen i hustrig vær mens det roet seg og klarnet mer og mer opp da vi var nede og møtte flere motsatt vei...

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.