Gulsiberget (19.10.2016)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Jogging
Duration 2h 01min
Distance 12.3km
Vertical meters 446m
GPS
Ascents Gullsiberget (537m) 19.10.2016 16:42

Skulle på joggetur til Vassfjellet men tok feil buss. Det går visst fleire vegar til Klæbu - kven skulle trudd?

Men i staden for å springe langs vegen til Vassfjellet kunne eg jo sjå kva som fanst langs busstraseen. Sjå her ja: Gulsiberget! Hoppa av ved Solem og fulgte skogsvegane oppover mot Syrsjøen. Pussig navn.

Stilt i haustskogen på ettermiddagen. Tok til høgre mot Syrsjøen, men skulle fortsatt rett fram. herifrå vart det litt bukkemark opp på høgda der eg vassa i nesten frosne myrer til toppen av Gulsiberget. Fin utsikt mot vest herifrå, og solnedgang over trollheimen.

Mot Vassfjellet og Trollheimen.
Mot Vassfjellet og Trollheimen.

Spor av sti her og der på toppen, men ikkje rare greiene. Eg mistenker at trønderen sitt manglande toppinstinkt har slått til igjen - siste person som var på toppen var vel den som satte opp skiltet merka "Gullsiberget". Så sløvt er altså toppinstinktet i midtnoreg at dei må ha eit skilt som seier at no, no er du på toppen. På ein måte kan ein forstå dei. Toppane i trøndelag går jo stort sett i eit med omgivnadane: skau, skog, gran, furu, lyng og myr - og eit skilt som markerar eit svært svært vagt toppunkt. Slik sett er det naturlig at O-løp-feberen er så stor i denne regionen; sporten der ein halsar rundt etter meir eller mindre randomiserte punkt på eit kart, og kryssar dei av med stor prestisje - som om meininga med friluftslivet skulle vere å befinne seg på akkurat dette geografiske punktet framfor eit anna. Eg meiner bestemt (så bestemt at eg ikkje ser meg nøydd til å sjekke det nærare) at O-løp ikkje vil overleve som sport i landsdelar med nokolunde anstendig topografi. Har du høyrt om O-løp i Hurrungane? Ørsta? Lofoten? Ikkje eg heller.

Øysand og Trondheimsfjorden
Øysand og Trondheimsfjorden

Typisk nok fann eg att stien litt lenger ned i skauen. Deretter jogga eg til Klæbu der eg kjøpte ein melkesjokolade som eg naut på bussen heim.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.