Toppen av Ungarn! (24.08.2015)

Written by HåkonL (Håkon Lie)

Map
Ascents Kékes (1,014m) 24.08.2015

Sommaren 2015 var eg på tur med min gamle golf rundt i Europa, og på denne turen plukka eg med meg nokre nasjonstoppar rundt om, og den andre toppen var Ungarns høgaste fjell, Kékes.

Etter ei natt i Prahas gamleby sette eg kursen for Ungarn og den høgaste toppen der, Kékes. Det er ein lang tur, men på gode vegar gjeng det ganske så fort. På turen skulle eg også få to nye land på CV`n min, nemleg Slovakia og Ungarn. Eg køyrde gjennom store delar av Tsjekkia, fekk meg frokost på McDonalds, noko eg aldri kjem til å gjere att, for det er noko av det verste eg har smaka!!! Kom inn i Slovakia og passera kanskje verdas største internasjonale kryss, for eg kunne velge å køyre til Polen, Austerrike, Ungarn eller Ukraina.

Turen gjekk til Ungarn, her måtte eg stoppe på ein bensinstasjon å kjøpe oblat for å få lov å køyre på motorvegen, noko kostbart, men det er nå eingong slik. Turen gjekk gjennom Ungarn i ein god temperatur og forbi mange trailerar. Eg passera Budapest og køyrde til den vesle tettstaden Gyöngyös, her fekk eg auga på eit fjell, og køyrde utallege svingar til eg var på toppen. Eg traska så bort til steinen som merkera toppen, og tok eit bilete. Men innanfor eit inngjerda området var det eit punkt som var høgare, men det såg ut som om det var ulovleg å vere innanfor. Eg tok ein kjapp kikk rundt meg, men såg ingen, hoppa over gjerdet og tok nokre raske bilete og hoppa over gjerdet att.

Det er mogleg at heile dette området er menneskeskapt, for det var på taket av ein bunkers, men då var eg i allefall heilt sikker på å ha vore på Ungarns høgaste punkt. Ellers var det eit skisenter på toppen og ein cafe som tydeleg haldt stengt i sommarmånadane. Turen gjekk vidare tilbake til Budapest og ei natt på eit party hostel, men eg sovna likevel etter 12 timar i bil og gode 800 kilometer.

Det offisielle toppunktet!
Det offisielle toppunktet!
Ein nervøs og forvirra kar innanfor eit gjerde, der kanskje det uoffisielle toppunktet ligg!
Ein nervøs og forvirra kar innanfor eit gjerde, der kanskje det uoffisielle toppunktet ligg!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.