Frå Berlin til toppen av Tsjekkia! (23.08.2015)

Written by HåkonL (Håkon Lie)

Map
Ascents Sněžka (1,602m) 23.08.2015

Sommaren 2015 var eg på tur med min gamle golf rundt i Europa, og på denne turen plukka eg med meg nokre nasjonstoppar rundt om, og den fyrste var Tsjekkias høgaste fjell, Snezka.

Eg starta tidleg frå Berlin der eg hadde tilbragt natta på eit hostel saman med to ukrainske jenter. Målet for dagen var Snezka og å kome til Praha der eg hadde tenkt å overnatte. På vegen til Snezka måtte eg innom Polen, og grensepasseringa frå Tyskland til Polen hadde vore ubemerka om det ikkje hadde vore for den store skilnaden på vegstandard. Frå nydelege motorvegar i Tyskland gjekk eg over til humpute og fæle vegar i Polen, det rista og slo voldsomt i Golf'n. Etter eit lite stykke på desse vegane vart eg utsett for eit ransforsøk, som eg heldigvis greidde å gjennomskue. For framom meg var det ein flott mercedes som hadde sett på naudblinken og tok ei hand ut ruta når eg nærma meg, som om han signalisera at han trengde hjelp. Eg var litt skeptisk og køyrde bak han ei beite, men då eg såg polske bilar berre peise forbi tok eg sjansen og gjorde det same. Då la han seg på hjul og byrja å blinke med ljosa som eit signal på at eg måtte stoppe. Eg kjente at hjarta byrja å slå litt fortare og at eg vart litt klam i hendane, men fann ut at å stoppe det var ikkje noko alternativ. Då det ikkje hjalp å blinke på meg med ljosa prøva han å køyre forbi meg, og bruke same trikset med naudblinken og handa ut av glaset ein gong til. Eg ana uglar i mosen og slakka av farten for at den skulle køyre litt ifrå meg, men då gjorde den det same. Eg køyrde nok ein gong forbi, og han blinka nok ein gong med ljosa. Og slik haldt det fram til me hadde køyrd forbi kvarandre ein tre, fire gonger, då gav han opp og slakka av farten og venta på eit nytt offer. Litt lengre fram traff eg på ein ny bil som prøva seg på same trikset, men eg lot meg ikkje lure denne gongen heller, og denne bilen gav opp etter ei runde med blinking. Det var tydeleg å sjå at dei gjekk etter bilar med utanlandske skilt, for det var ingen bilar med polske skilt dei sette på naudblinken for. I motsett køyreretning kunne eg sjå at det var ein som hadde vorte lura og hadde stoppa med ein svindlar, korleis det gjekk det veit eg ikkje.

Etter ei god stund på motorvegen tok eg endeleg av til ein mindre veg i nærleiken av byen Luboszow. Her haldt turen fram gjennom små landsbyar mot den tsjekkiske grensa. På vegen dit køyrde eg opp eit alpinsenter der eg passera nokre syklistar på treningstur, det såg ut som om dei sykla for det polske profflaget CCC. Vel oppe på toppen gjekk grensa mellom Polen og Tsjekkia og eg trudde at det var her eg skulle byrje å gå eller ta gondolbanen til toppen. Det visa seg å ikkje stemme, eg måtte nemleg ned att frå fjellet på smale vegar, ut på ein ny veg som gjekk oppover ein dal. Her køyrde eg til den vesle staden Pec pod Snezkou, gjennom ein bom og parkera her. Eit sentrum med ein del cafar og butikkar var det her, eg traska så litt lengre oppover dalen til eg kom til der gondolbanen starta, løyste billett her og nøyt turen til toppen. Dei seiste 200 meterane til toppen må ein gå sjølv, men ellers er dette ein enkel topp å nå. På toppen var det ein stor cafe og ei kyrkje, og mykje folk. Ein del vel å gå heile turen opp, noko som sikkert er ein flott tur, men eg kom litt seint på dagen og måtte vidare og rakk difor berre å bruke gondolen. Det virkar også som eit bra vintersportsområdet med fleire skitrekk og mykje restaurantar. Turen gjekk så vidare til Praha og ei natt i gamlebyen der.

 Nøgd kar med nok ein nasjonstopp!
Nøgd kar med nok ein nasjonstopp!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.