Topptur i Åsnes (16.10.2016)

Written by mariusmeland (Marius Meland) GSM

Characteristic Hike
Duration 0h 52min
Distance 7.1km
Vertical meters 310m
GPS
Ascents Linberget (479m) 16.10.2016 12:58
Storgråberget (587m) 16.10.2016 12:58
Visits of other PBEs Storgråberget (584m) 16.10.2016 12:58

Først tur til Linberget. Turen gjekk på skogsbilveg først, deretter vart det knalla inn i skogen i tett granskog og hogstfelt med høgt gras. Ein relativt strabasiøs tur som ein vel må vere peakbookar for å føreta seg. Lengd: 3,7 km tur-retur.Terningkast: 1.

Deretter tur til det eg trudde var Storgråberget på 586 m.o.h., ikkje minst sidan det stod Storgråberget på 1:50 000-kart. Her vart eg nok lurt, må sjå nøyare på peakbook-kartet neste gong. Til gjengjeld var denne toppen, som ikkje var blant mine mål, faktisk den finaste av dagens turmål, med fin utsikt oppe i tårnet, og fin blåmerka sti til toppen. Eg prøvde å registrere den som ein topp med primærfaktor på 50 meter, men "fekk ikkje lov", då denne er registrert rett ved sidan av som hytte/naudly. Lengd: 1,6 km tur-retur, det er denne turen GPS-sporet viser. Terningkast: 4.

Då måtte eg jo ta det som eigentleg var Storgråberget til slutt. Ingen sti og ingen utsikt frå toppen, men relativt greitt å gå og relativt fin skog. Lengd: 1,8 km tur-retur. Terningkast: 2.

Her er foto:

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.