Ein Fager tur (17.08.2016)

Written by OdMaAl (Oddvin Almenning)

Map
Ascents Heimre Fagerdalshøe (1,510m) 17.08.2016
Øystre Fagerdalshøe (1,504m) 17.08.2016
Kongsliknuppen (1,386m) 17.08.2016
Synshorn (1,475m) 17.08.2016
Synshorn Sør (1,455m) 17.08.2016

Når man har mulighet for å kunne avspassere, då er det fint å kunne gjere det ved å spassere på fjellet i Vang. Ikkje minst når været viser seg frå sin beste side!
Vindstille, sol og varmt. Køyrde til Bygdin og parkerte ved kaia til båten Bitihorn, ved Fagerstrand. (40kr. i parkering). Gjekk stien oppover og tok til venstre der det flata ut. Gjekk opp til Mefjellet rett frå sør. Bratt men greit (sikkert litt glatt om det er vått).
Gjekk vidare bortover ryggen til Mefjellet, nordover og dreia etterkvart ned til venstre mot stien ved Synsbekk. Fulgte stien eit stykke før eg dreia nordaust mot Fagerdalstjernet. Gjekk på austsida av ein fjellknaus. Kunne like gjerne gått på vestsida av denne, men eg fekk flott utsikt austover Øystre Fagerdalen. Gjekk opp til Øystre Fagerdalshøe. Der vart det matpause på toppen. Vidstille og skyfri himmel. Gjekk nedatt til vestre kant av Øystre Fagerdalstjernet før eg dreia søraust mot Heimre Fagerdalshøe. Fulgte ryggen mot Synshorn. Derfrå går det markant sti nedatt til Bygdin.

GPS-spor

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.