Ein rundtur på villspor (14.08.2016)

Written by Hommpbollen (Tor)

Characteristic Hillwalk
Duration 2h 00min
Map
Ascents Dueskardhøgdi (986m) 14.08.2016
Lingesetfjellet (1,002m) 14.08.2016

Målet var å ta ein rask tur til Lingesetfjellet. Skodde eller ei, dette var ein topp eg ikkje hadde vore på før.

Parkerte på utsida av flyplassen. Her er det tillaga parkeringsplass for turgåarar. Følgde derfrå ein grusveg eit godt stykke innover. Her er det supert å sykle, for dei som føretrekk det! Eg jogga og gjekk med hunden. Det var ikkje skilta (eg såg i alle fall ingenting), men det er av og til merker i raudt. Eg kom etterkvart til eit kryss, der eg tok til venstre - bortover, ikkje oppover. Etter ca. 40 min, tok eg av frå grusvegen, da eg trudde det var ein sti der. Men dette var tydelegvis ikkje noko anna enn merker i terrenget, sikkert som følgje av arbeidet med oppsetjing av høgspentmastene.

Eg gjekk så opp på ein liten høgde og såg da ein merka sti lenger nede i dalsøkket. Denne sprang eg ned til og følgde vidare oppover. Eg kom etterkvart opp til Dueskardhøgdi. Da hadde eg altså gått for langt ift. planen. Her var det mykje skodde og lite å sjå, men dette var tydelegvis ein populær topp - klarvêr som ruskevêr. På toppen møtte eg eit par damer/linselus som kom frå Fimreite, og skulle skrive seg inn i boka. Eg stakk vidare.

Eg følgde same stien litt tilbake og tok deretter oppover skrått venstre medan eg følgde med i kartet. Da traff eg Lingesetjfjellet. Dette såg, i motsetning til dua, ikkje ut til å vere ein spesielt populær topp. Her var det kun ein einsleg, mosegrodd varde. Like lite utsikt her som sist. Greitt nok. Turen ned att gjekk over i rask jogging.

Alt i alt ein fin treningstur. Men neste gong tek eg med sykkelen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.