Tur til Spenane - Balestrand (06.08.2016)

Written by Argok54 (Arnold Goksøyr)

Start point Skåsheimsvegen (40m)
Characteristic Alpine trip
Duration 5h 00min
Map
Ascents Spenane midtre (1,135m) 06.08.2016 09:45
Starta ved Skåsheimsvegen og gjekk til Bruhjellstølen. Det er ein godt oppmerka sti heile vegen og skal vere ca 2,5km. På toppen som ligg på ca 590m, går ein vidare langs stien opp til Fagravatnet som ligg på 880m høgde. På denne tida kan ein forfriske seg med store mengder blåbær og krekling. Det er ganske myrlendt og vått, så ein bør ha gode sko. Fagravatnet er det gamle drikkevatnet til Balestrand, men ikkje i bruk til det lenger. Stien svingar der mot høgre langs vatnet, og er lett å sjå. Nonskardet er dalen som går ned mot Fagravatnet.
Frå Nonskardet mot Fagravatnet
Frå Nonskardet mot Fagravatnet

Eit par plassar må ein over elva, men det går som regel lett. Tek ein turen tidleg på sommaren, ligg det gjerne ein snøbre i mesteparten av denne dalen. På toppen av dette skaret får ein flott utsikt mot Munkeggi mot venstre og Spenane rett fram.

Til høgre går stien vidare ned i retning Raudmelen eller Kallbakk. Denne turen gjekk rett fram til toppen av Spenane (1180m) vart nådd. Godt oppmerka heile vegen, lett å gå på grasmark og ikkje særleg bratt. Utruleg utsikt på toppen.

Ein ser rett ned i Esedalen, rett bort i fjellveggen til Munkeggi og inn i andre stupbratte toppar. Ikkje gå for langt fram på kanten.
Der er ingenting å halde seg fast i og det er veldig langt ned.. Frå Spenane går det kanskje an å gå i retning aust mot Raudmelen, men det er nok ganske bratt der.

Det er best på følgje stien ned att til toppen av Nonskaret og vidare mot aust ned eit nytt skar som er noko steinete og litt ulendt her og der. Følg nøye stien så går det greitt. Det er ikkje særleg bratt, men steinane har denne åleglatte svarte mosen. Truleg vil ein møte ein del selskapssjuke sauer, og har du nokre brødskalkar til overs blir du deira venn for livet. No går stien strake vegen ned til Raudmelen (989m) og derifrå er det ca 1 time ned til bygda. Heile turen min tok ca 5 timar. Det gjekk med ein kvikk-lunsj, to brødskiver, ein banan og ei flaske vatn.

User comments

  • -
    avatar

    Tommel opp!

    Written by Hommpbollen 07.08.2016 15:04

    Dette var ein særs informativ og velskriven tekst Arnold. Dette kan du! Du må vere stolt av deg sjølv no:-)

    Men eg saknar tilleggsinfo, slik som turlengde (avstand og tid). Dette er noko ein lesar set pris på å vite om, og eg må difor trekka deg noko her. Du får terningskast firar. Ver nøgd med det.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.