Skeisnipa og Fremste Skeisnipa - bratt klyving i høgt gras! (21.07.2016)

Written by Hommpbollen (Tor)

Duration 8h 00min
Map
Ascents Skeisnipa (1,112m) 21.07.2016
Fremste Skeisnipa (1,439m) 21.07.2016

Parkerte i krysset til riksvegen, like under Skeisnipa. Det er merka veg opp til ca. første avsats og litt forbi. Går likevel tydeleg sti ca. heile vegen til toppen, men mykje attgrodd, så ein må leite litt. Svært bratt til tider, og det tek ein del krefter. Det er heller ikkje vatn å finne på vegen opp.

Frå Skeisnipa til Fremste Skeisnipa er det og ganske bratt, men det går lettare enn det ser ut til nedanfrå. Deretter gjekk vi rett ned til stien til Flatbrehytta. Lett å skli på snøen, men ein del ulendt terreng. Resten går på grusveg inn att til bilen.

Turen tok ca. 8 t.

User comments

  • -
    avatar

    Sti mot Skeisnipa

    Written by MooCow 20.07.2019 20:15

    Hei! Startar stien akuratt i krysset ved riksvegen? Står det noko skilt ved starten av stien?

    • -
      avatar

      Sv: Sti mot Skeisnipa

      Written by Hommpbollen 21.07.2019 18:39

      Hei,

      Vi parkerte bilen ikkje langt etter rett etter avkjørsel frå riksvegen. Eg meiner å hugse at det var eit skilt eit lite stykke lenger oppe over gardane, og det var ikkje vanskeleg å finne stien. Men merk at stien kun går oppover eit lite stykke opp mot ein utsiktsstad før han stoppar/gror att. Så derfrå må de finne vegen sjølve�

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Sti mot Skeisnipa

        Written by Hommpbollen 21.07.2019 19:18
      • +
        avatar

        Sv: Sv: Sti mot Skeisnipa

        Written by MooCow 22.07.2019 17:29
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.