Topptur til Grovabreen i Jølster (16.04.2016)

Written by knutsdotter (Ingrid)

Characteristic Randonnée/Telemark
Map
Ascents Punkt på Grovabreen (1,633m) 16.04.2016 10:15
Grovabreen nordvest (1,587m) 16.04.2016 10:15

Jølster skjuler fantastiske toppturar og dette er definitivt ei av perlene. Vi køyrde tidleg laurdags morgon til Dvergsdalsdalen og tok raskt skia på. Ganske bratt opp frå Dvergsdalsstølen rett opp mot Fagredalen (og ikkje Støylsnova pga lite snø på flanken). Rundar vatnet ved ca 1260 og skrår rett opp Fagredalen men ver var på skredfaren her.

Ned Fagredalen
Ned Fagredalen

Så er det seigt opp mot toppunktet 1585 moh der dei fleste snur og renner ned att. Ei mektig flott utsikt i alle retningar mot Josten og fjella rundt. Ein kan fortsetja mot sjølve toppunktet 1633 moh men i grunn lita meining då det er paddeflatt.
Nedkøyringa var episk. Det vert definititvt fleire toppturar i dette området.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.