Draumeforhold og draumetopp (16.04.2016)  6

Written by bakken59 GSM

Start point Røldal skisenter
Endpoint Røldal skisenter
Characteristic Backcountry skiing
Duration 8h 00min
Distance 30.0km
Vertical meters 1,143m
Map
Ascents Kyrkjenuten (1,601m) 16.04.2016

Hadde eigenleg tenkt meg til Hemsedal, men etter å ha følgd med på yr heile veka, vende vi i staden blikket mot sudvest; mykje vind meldt i Skarvheimen. Utruleg då vi drog i regnver frå Oslo i går, at vi skulle få ein så flott dag frå Røldal skisenter til Kyrkjenuten i dag. Drog frå hytta kl 0810, var i Røldal kl 1000, og på skisenteret noko seinare. Fekk bruke heisen gratis heilt til topps, og derifrå følgde vi spor mot Seljestad til vi tok av då vi kom ned på vatnet. Det var tre utruleg lette kilometer, vi rann ned. Skare under, maks fem cm nysnø oppå, blå voks var heilt rett, vi gjekk på det heile dagen. Etter å ha gått dryge 6 km og klokka var ca 1230 rasta vi i vindstille og steikande sol. Så bar det vidare. Vi heldt høgda eit stykke opp frå vatna vest for oss, og trefte presist på den halsen med to botnar på kvar side som leidde oss over til ryggen mot Kyrkjenuten. Der kom det ei stor gruppe frå Seljestad, Stavanger turistforening viste det seg, ein ung kar i langrennsutstyr som gjekk diagonal heile vegen opp, tre karar som køyrde bratt ned frå fjellet rett nordvest for den halsen vi kom over. Ryggen var utruleg dryg! Vi gjekk i berre trøyer, det var vindstille og perfekte forhold, og vi hadde fellar på. Men det var som å gå mot horisonten! Høgare og høgare i det uendelege. Vi var ordentleg slitne då vi kom opp. Mykje liv der oppe, folk kom også frå Sauda-sida. Men vi rasta altså berre i trøyer på sjølve toppen, og hadde perfekt utsyn mot fjorden, mot Folgefonni og alt anna. Blikkstille. Heimturen baud på nydeleg renning - skare og styresnø er berre konge! Men dei siste tre motbakkekilometrane var blytunge, vi var ganske tomme, og det som hadde vore ei herleg utforkøyring på veg ut, var no ganske tunggåtte motbakkar. Så var det alpinbakken ned. Den var stengt og heilt frosen. Tungt å ploge heile vegen ned på is. Tom, Hallgrim og eg gjekk turen. Den var på 30 km, vi målte alle tre, rett over og rett under var fasiten. Og høgdemetrane var 1143, medan nedturane utgjorde 1771 meter, for vi hadde starta klokka på toppen av slalåmbakken om morgonen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.