Gråkallen (15.04.2016)
Geschrieben von kobbenes (Kristian Starheim)
| Besteigungen | Gråkallen (552m) | 15.04.2016 |
|---|---|---|
| Besuche anderer PBE | Skistua Parkering (433m) | 15.04.2016 |
Etter gårdsdagens svært kontroversielle bestigning av Våttån våga eg og Eskil oss på tur også i dag. Det var på tide å få guten over tregrensa. Er Storheia Trondheim's Mont Blanch så er Gråkallen Matterhorn. Turen gjekk til Trondheims Matterhorn.
Ingen lang tur skal seiast. Rusa over merksemda i frå gårsdagens turrapport lurte eg på om eg skulle køyre heilt til topps. Men eg vil ikkje framstå som useriøs heller her på Peaker'n, så vi gikk frå skihytta.
Vi rusla oppover vegen, tok stien mot Gråkallen Panorama, og toppa ut til fin utsikt. Dette var tydeligvis likare enn gårsdagens skogsvandring, for her tok junior seg tid til å nyte utsikta.
Etter litt vasing i toppområdet gjekk vi for å sjå om ein kunne kjøpe sveler på skistua. Den var stengt.


