Vardhusheia og Bergeheia på ski frå Liarvatnet (12.03.2016)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Bergeheia (706m) 12.03.2016
Vardhusheia (761m) 12.03.2016
Visits of other PBEs Langavatnet demning (450m) 12.03.2016

Sjelden anledning med godt skiføre i Jørpelandsheia måtte utnyttast! To strålande helger i forkant, men denne vart dessverre litt mildare og gråare. Men flotte forhold likevel. Ca. 6 timars tur over islagt Liarvatn, så greit men småkupert opp frå Grimsli til vakre Forenesvatnet. Vidare fint til Longavatnet og over den gamle stemmen der. Etter matpause, opp Brogaheia til Brogavatnet og til topps på flotte Vardhusheia, 25 år sidan sist! Greit ned att og opp på Bergeheia før retur same vegen heim. Vardhusheia er ein verkeleg kremtopp i Jørpelandsheia, på grensa til Krøys/Lyngsheia, og med utsikt trill rundt. Fine snøforhold, men litt avblåst og isete på toppane.

Klassisk motiv frå starten ved Liarvatnet
Klassisk motiv frå starten ved Liarvatnet
Mot Grimsli og Solknuten
Mot Grimsli og Solknuten
Oppstigning mot Forenesvatnet med tilbakeblikk mot Grimsli
Oppstigning mot Forenesvatnet med tilbakeblikk mot Grimsli
Ved Forenesvatnet under Krunefjell
Ved Forenesvatnet under Krunefjell
Straks ved Longavatnet under Vardhusheia
Straks ved Longavatnet under Vardhusheia
Ved den gamle stemmen i Longavatnet, med Vardhusheia bak
Ved den gamle stemmen i Longavatnet, med Vardhusheia bak
Utsikt sørover heilt til Steinfjellet og Bratteliknuten
Utsikt sørover heilt til Steinfjellet og Bratteliknuten
Pause ovanfor Longavatnet, med Bratteliknuten bakerst
Pause ovanfor Longavatnet, med Bratteliknuten bakerst
Fornøgd under Vardhusheia!
Fornøgd under Vardhusheia!
Frå Vardhusheia mot bl.a. Forenesvatnet og Tysdalsheia
Frå Vardhusheia mot bl.a. Forenesvatnet og Tysdalsheia
Frå Vardhusheia mot bl.a. Holmavatnet og Store Nagatjødna. Svartavatnet kan skimtast heilt bak til venstre
Frå Vardhusheia mot bl.a. Holmavatnet og Store Nagatjødna. Svartavatnet kan skimtast heilt bak til venstre
Frå Bergeheia mot Vardhusheia og Longavatnet
Frå Bergeheia mot Vardhusheia og Longavatnet
Mot Salane og Krunefjell på kvar si side av Grautabotn
Mot Salane og Krunefjell på kvar si side av Grautabotn
På Forenesvatnet igjen med tilbakeblikk mot Vardhusheia og Knausane
På Forenesvatnet igjen med tilbakeblikk mot Vardhusheia og Knausane

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.