Gravdalstinden (04.06.2011)

Written by SÅH (Sven-Åge Hauge) GSM

Map
Ascents Gravdalstinden (2,113m) 04.06.2011
Vesle Gravdalstinden (2,015m) 04.06.2011
Søraustre Smørstabbtinden (2,030m) 04.06.2011
Søre Smørstabbtinden (2,033m) 04.06.2011
Øst for Søre Smørstabbtinden (2,023m) 04.06.2011
Sørvestre Smørstabbtinden (2,045m) 04.06.2011
Storoksle (1,927m) 04.06.2011
På tur til Søre Smørstabbtindane og Gravdalstindane. Eg og Aina kjørte heimifrå kl 0445 med kurs for Sognefjellet. Me parkerte bilen ved Fantesteinen kl 0920. Målet for turen var Søre Smørstabbtinden og so skulle me sjå det an mtp andre bestigninger. Studerte kartet nøye i forsøk på å finne beste traseen bortover det småkupperte terrenget. Passerte Falkeberget på nordsida og kryssa deretter oppover mot topp 1834. Videre over topp 1927 og opp på Sørvestre Smørstabbtinden. Når me kjørte heimifrå var me spent på korleis vær og melding ville slå til, men no var det klart at dette ville bli ein fantastisk dag. Det var tydelig at den skodda som hadde lagt rundt toppane fram til no måtte gi tapt mot sola. Det vart sol frå nærmast skyfri himmel.
Flott utsikt. Uranostinden ruver midt i bildet med Sagi til venstre. Til høgre er Falketind og Stølsnostindane
Flott utsikt. Uranostinden ruver midt i bildet med Sagi til venstre. Til høgre er Falketind og Stølsnostindane
At det venta ein biltur på nesten 5 timar etter endt skitur vart ikkje tatt med i noko beregning. No måtte me få med oss dei toppane som er her og nyte dagen. Me tok oss ned i skardet og opp Søre Smørstabbtinden. Herfra hadde me oversikt over ruta opp til Gravdalstinden. Bort til Vesle Gravdalstinden er greit men å sjå herfra kva som er beste vegen vidare til topps var ikkje lett. Det var 2 muligheter. Enten gå nordryggen til topps eller gå ut på breen og svinge opp til høyre mot toppplatået. Det var gått eit skred på breen oppunder nordryggen.
Gravdalstinden sett fra nord. Vesle Gravdalstinden til høgre.
Gravdalstinden sett fra nord. Vesle Gravdalstinden til høgre.
Såg egentlig greit ut å gå opp via breen men eg var usikker på om det ville være ein skavel som hindra oss frå og nå topplatået. Me valgte nordryggen og det gjekk heilt greit. Skia satte me igjen mellom Vesle og Store. Me hadde tidligere lagt merke til 2 personer som kom opp Smørstabbreen med kurs for Søraustre Smørstabbtinden. No kunne me sjå at dei kom bortetter ryggen mot Søre. Dette ville gi oss spor å gå i og no var det opplagt at me og måtte gå ryggen frå Søre til Søraustre. Det var fantastisk å stå på Gravdalstinden i sånt vær.
Utsikt frå Gravdalstinden
Utsikt frå Gravdalstinden
Sola strålte, og i ettertid skulle det vise seg at me burde tenkt meir på den strålinga her me stod og skua utover. Me gjekk tilbake samme vei og når me kom over Vesle traff me personane som hadde gått ryggen mellom søre og søraustre Smørstabbt. Dei kunne fortelle at det var greit å gå bortetter ryggen. Dei skulle no opp på Gravdalstinden. Dei hadde vert her før og valgte å gå over breen. Det gjekk også heilt fint. No gjekk me opp igjen til Søre Smørstabbtinden og fulgte ryggen mot søraustre.
Ryggen mellom Søre og Søraustre Smørstabbtind
Ryggen mellom Søre og Søraustre Smørstabbtind
Oppe på søraustre var det 2 toppunkt. Det var forholdsvis luftig mellom desse men det var enkelt å ta seg over.
Ryggen mellom dei to toppunkta på Søraustre Smørstabbtind
Ryggen mellom dei to toppunkta på Søraustre Smørstabbtind
Når me kom ned igjen frå Søraustre valgte me å gå ryggen tilbake til me kom over høgaste punktet 2025m. Her tok me fellene av skia og satte kursen mot skardet mellom søre og sørvestre. Me holdt høgt oppunder Søre og kom oss greit opp i skardet. No var det berre å renne nedover. Me runda sørvestre og høyde 1927 på sørsida og var snart på høyde 1834. Herfra fekk me fin kjøring ned mot foten av Falkeberget.
På ski nedigjen
På ski nedigjen

So var det berre å ta på fellene og traske mot bilen. Me kom til bilen kl 1930. Når me satte oss i bilen og starta turen heimover vart det raskt avdekka kva gedigen tabbe me hadde begått ved å ikkje ha meir fokus på solfaktor. Heldigvis rakk me butikk i Øvre Årdal der me fekk kjøpt aftersun. Me var heime igjen kl 0015.
Fleire bilder frå turen kan sjåast på http://www.utifriluft.com/2000mtoppersommarogvinter/Gravdalstinden-og-Søre/17391998_Fng7Q2#1322254675_hdZscm9

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.