Lang trask til Mt. Washington, med overraskelse! (10.11.2015)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point AMC Visitors Centre at Crawford Notch
Endpoint Samme som start
Characteristic Hillwalk
Duration 9h 30min
Distance 22.0km
Vertical meters 1,732m
Map
Ascents Mount Eisenhower (1,451m) 10.11.2015
Mount Franklin (1,524m) 10.11.2015
Mount Monroe (1,637m) 10.11.2015
Mount Jackson (1,235m) 10.11.2015
Mount Washington (1,917m) 10.11.2015
Mount Webster (1,192m) 10.11.2015
Mount Pierce (1,314m) 10.11.2015

Boston-oppholdet nærma seg slutten, og etter å ha jobba ræva av meg på lab'en i to år ville eg gi meg fridomen til å avspasere ein dag for å nyte fjellheimen. Eg tenkte over ulike alternativ, og kom på at eg ikkje hadde fullført Presidential Traverse i fjord. Ein tur til Mt. Washington skulle jo vere ein flott tur på tampen av USA-oppholdet.

Eg tenkte ei stund på å prøve heile traversen, men det er jo eingong November, med korte dagar og lite folk i fjellet. Dessutan er det ein logistisk floke å få til trasport på kvar side av den 4 mil longe traversen. Heller vart det til at eg gikk frå AMC-hytta på Crawford Notch, og raska med meg ugåtte toppar sør for Mt. Washington.

Det vart alpin start frå Boston kl. 6, og i bilen nordover kosa eg meg med kaffi, skjever og røvarhistorier frå K2 dosert lett sjølvhevdande av Ed Viesturs. Over meg låg himmelen blå og fin medan temperaturen kraup såvidt under frysepunktet.

Klokka 9 var eg avgårde frå parkeringa, og sette avgårde mot første mål: Mt. Webster. Dette er ikkje ein del av den "offisielle" Presidential Traverse, men eg ville ha ein litt lenger tur, og tenkte at det måtte jo vere flott å byrje der ryggen stuper ned mot Crawford Notch.

På Mt. Webster klokka 10:30. Fin utsikt over notchen, og over traversen og Mt. Washington i det fjerne.

Mt. Webster
Mt. Webster
Pent søraustover frå Mt. Webster
Pent søraustover frå Mt. Webster
Pen utsikt over traversen mot Mt. Washington frå Webster
Pen utsikt over traversen mot Mt. Washington frå Webster

Vidare greit gjennom skogen til Mt. Jackson.

Mt. Jackson
Mt. Jackson

Meir trasking gjennom skogen og opp på Mt. Pierce.

Mt. Pierce
Mt. Pierce
Fjøyrkledde kompisar på Mt. Pierce
Fjøyrkledde kompisar på Mt. Pierce

På veg til Mt. Eisenhower kom eg endelig ut av skogen. Her møtte eg også eit par andre sjeler som var ute og lufta walking-sticksa sine.

Mt. Eisenhower
Mt. Eisenhower
Advarsel: alpin sone.
Advarsel: alpin sone.
Alpine saker: plante og snø. Spesielt.
Alpine saker: plante og snø. Spesielt.
Frå Eisenhower mot Monroe, Washington, Clay og Jefferson
Frå Eisenhower mot Monroe, Washington, Clay og Jefferson

Nede frå Mt. Eisenhower var eg no på kjend grunn frå fjordårets tur. Tok med Mt. Franklin, men den er så liten at eg ikkje spanderte noko sjølvfie. Det fekk derimot Mt. Monroe, som har tilløp til bratt fjellside.

Mt. Monroe
Mt. Monroe

Nede frå Monroe byrja bakken opp til sjølvaste Washington. Her byrja lærdomane frå K2 verkelig å kome til sin rett, for ganske snart måtte eg til å stige over døde lekamar på stien.

Ja nettopp ja. Der har du det.
Ja nettopp ja. Der har du det.

På toppen av Mt. Washington klokka 15. Her var det adskillig færre turistar enn sist eg var her, men betydelig bedre vær. Nokre ansatte på værstasjonen luffa rundt, men ellers var det stilt. Nydelig utsikt i alle retningar. Særlig utsikta mot vest var spennande, for der var nokon høge toppar langt i det fjerne. Det kan vere Adirondacks i NY.State, vel 20 mil lenger vest.

Då var vi der.
Då var vi der.
Mt. Washington. Denne karen gjer ikkje same feilen som Ueli Steck på Annapurna og rotar vekk kameraet sitt.
Mt. Washington. Denne karen gjer ikkje same feilen som Ueli Steck på Annapurna og rotar vekk kameraet sitt.
Jefferson, Adams og Madison tar seg fint ut. Saman med bilvegen og togbana
Jefferson, Adams og Madison tar seg fint ut. Saman med bilvegen og togbana
Ellers tomt. Kanskje dei må jobbe litt med tilgongen?
Ellers tomt. Kanskje dei må jobbe litt med tilgongen?
November er fint altså! White mountains mot søraust.
November er fint altså! White mountains mot søraust.

Så var det på tide å kome seg nedatt. Eg pønska litt på kva som var greiaste veg, og kom til at det var både kortast å kjekkast å følge Crawford Path heile vegen til hytta. Eg kunne omgå toppane, og då ville det gå radig. Det vart mørkt klokka 17, men eg hadde hovudlykt, så eg hadde det ikkje travelt anna enn at det er kjekt å gå litt på.

Og radig gikk det. Litt før klokka 17 var eg komen til Mt. Pierce, der stien går ned i skogen frå ryggen. Det var byrja å bli ganske mørkt, og eg leita fram hovudlykta

OVERRASKELSE!
Den virka ikkje! Lykta var heilt dau. Eg forstod raskt at dette ikkje var heilt ideellt. Skogen nedanfor ryggen er veldig tett, stien er brei og veltrådd men kupert, og det var overskya. Eg visste at eg hadde eit stykke igjen å gå til hytta. Det var berre å byrje med det vesle lyset eg hadde.

Det første som forsvinn er som kjent fargesynet, men det klarer ein seg forsåvidt greit utan. Verre er det at det neste som forsvinn er djupnesynet. Ganske raskt byrja eg å snuble. Deretter vart det så mørkt at eg såvidt såg hendene framom meg.

Dette var litt stress, eg måtte berre ta meg tid. Framom meg kunne eg skimte kanskje halvannan-to meter fram til steinar som var litt lysare enn omgivnadane. Dette vart det som leda meg gjennom bekmørket. Somme tider såg eg ikkje eingong desse, og då kjendest det som eg gjekk på reint instinkt. Eg var redd for å miste stien og eg var redd for å slå knea eller trakke over. Særleg brå fall i terrenget var vanskelige.

Slik gjekk eg i noko som kjendest som veldig lang tid. Eg hadde telefon, men den ville eg spare i tilfelle det vart krise. Eg hadde godt med kleder i sekken, så eg visste at skulle eg måtte overnatte så skulle det gå greit. Eg passa på å drikke vatn innimellom - lett å gløyme i ein slik situasjon. Det var avstressande og oppkvikkande.

For dei som hugsar slikt var jo skrekkfilmen Blair Witch Project tatt opp ikkje langt frå desse traktene. Ja nettopp, eg seier ikkje meir.

Til slutt var eg rimelig gåen i hovudet av heile greia. Eg kjende meg sikker på at eg ville klare å følge stien, så eg beslutta å bruke lommelykta på telefonen til å kome meg så langt som mogleg. Eg høyrde bilar i det fjerne, og eg følte eg hadde gått langt nedover. Eg skrudde på lykta, og byrja å springe for å kome meg så langt eg kunne før den eventuelt slokna, sidan eg ikkje visste kor raskt slike lykter tømmer batteriet.

Det var sjølvsagt veldig deilig å kunne sjå, og det som var ei uframkomelig bukkemark vart med eit slag ein grei sti. Etter 5 minutt med jogg kom eg til eit skilt som sa at det var 0.2 miles til VMC-hytta. Eg var i mål, deilig. Klokka var 18:30, så eg hadde ikkje vore tapt i øydemarkja så innmari lenge heller.

Det er naturlig nok ikkje så mange selfies frå denne delen av turen.

Neste utfordring var å finne ein burger. Etter litt leiting gjekk det også.

Når enden er god etc.
Når enden er god etc.

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by ligroenb 12.11.2015 22:49

    Herlig lesning :-) blir det retur til Norge snart ?

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by kobbenes 13.11.2015 00:23

      takk takk, ingen tur er for liten til å lage litt eventyr :-) Eg reiser til Noreg 23. november, så då dukkar vi sikkert opp i nordfjord også etter kvart.

      vi ventar ein liten junior kring nyttår, så eg les rapportane dykkar nøye for å ta litt lærdom ;.)

      • +
        avatar

        Sv: Sv:

        Written by ligroenb 13.11.2015 21:31
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.