Bjørndalshesten og Kvitanosi (16.10.2015)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Volavatn P-plass (915m)
Endpoint Volavatn P-plass (915m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 30min
Map
Ascents Bjørndalshesten (1,219m) 16.10.2015
Kvitanosberget (1,290m) 16.10.2015
Kvitanosi (1,433m) 16.10.2015
Visits of other PBEs Flyvrak Kvitanosi (1,335m) 16.10.2015

Kjørte anleggsvegen frå Brekkhus opp til Volavatnet. Gjekk opp til demningen og lurte litt på kva vegvalg eg skulle ta. Det blei til at eg gjekk litt ned igjen og fulgte den blåmerka stien et stykke før eg dreide sørvestover for å ta med Bjørndalshesten. Så ned i skaret der stien går gjennom, men eg gjekk derfrå bratt oppover til Kvitanosberget. Så ned på nordsida over den islagte Kvitanostjørna og opp austryggen til Kvitanosi. Det låg litt nysnø oppå den gamle snøen over 1300 moh, men ingen nysnø i området ellers. Hadde lang pause på toppen og studerte utsikten med kikkert i det usedvanlig klare veret.
Ifølge infosklit nede ved parkeringa skulle det ca 600 m nordvest for Kvitanosi ligge restar av eit tysk fly som styrta under krigen. Fant denne plassen ganske greit og derfrå fulgte eg den blåmerka stien gjennom Breihjellen, Bjørndalskjeften og Snjodalen tilbake til Volavatnet.
Dagen etter blei det tur til Gavlafjellet og nabotopper.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.