Eksotisk turliv... (03.09.2015)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Staveneset
Endpoint Staveneset
Characteristic Kayaking
Distance 25.2km
Vertical meters 420m
Map
Ascents Stauren (154m) 03.09.2015
Storenipa (192m) 03.09.2015

Fine meldingar og turplanane ligg klar... Vi trivst begge med raske beslutningar og nesten alt let seg gjere! Litt mindre søvn i nokre periodar lyt våge seg, og når me bur på Vestlandet så lever vi i sterke kontrastar når det gjelder veret. Ferdig på jobb kl 14.00 og eg møtte Britt Siv ved klubb naustet vårt ved Sunnfjord kajakk klubb i Førde. Eg hadde tenkt å prøve ut ein litt mindre kajakk, den som eg eig sjølv av typen Hasle Excursion 500 er litt for stor. Toppane på Tvibyrge hadde eg tenkt på ei stund, å kombinere turar med ulike aktivitetar er berre superfint. Britt Siv er alltid oppdatert på veret og det i minste detalj, så meldinga kom også denne gangen på kort varsel!! Kl 16.00 var vi padleklare frå Staveneset ved Askvoll.

Start frå Staveneset
Start frå Staveneset
Start frå Staveneset
Start frå Staveneset
Smelværosen
Smelværosen
Alden og Tvibyrge i sikte
Alden og Tvibyrge i sikte
Staurvika på Tvibyrge
Staurvika på Tvibyrge
Første topp Stauren 192 moh på Tvibyrge
Første topp Stauren 192 moh på Tvibyrge
Frå Stauren 192 moh og flott syn mot heimkommunen Solund
Frå Stauren 192 moh og flott syn mot heimkommunen Solund
Frå Stauren 192 moh og Kinnakloven i Florø
Frå Stauren 192 moh og Kinnakloven i Florø
Stauren 192 moh ein artig topp
Stauren 192 moh ein artig topp
Alden og me runda Lambeneset
Alden og me runda Lambeneset
Siste topp på Tvibyrge for dagen vart Storenipa 192 moh
Siste topp på Tvibyrge for dagen vart Storenipa 192 moh
Siste topp for dagen vart Storenipa 192 moh i tidenes solnedgang
Siste topp for dagen vart Storenipa 192 moh i tidenes solnedgang
Siste topp for dagen vart Storenipa 192 moh i tidenes solnedgang
Siste topp for dagen vart Storenipa 192 moh i tidenes solnedgang
Majestetiske Alden
Majestetiske Alden
Ca 1 time padling i nattmørke og så langt vest som det nesten er mulig...tar vi kveld kl 23.00 på Tjernholmen
Ca 1 time padling i nattmørke og så langt vest som det nesten er mulig...tar vi kveld kl 23.00 på Tjernholmen
Morgenfrisk start frå Tjernholmen og snart på jobb att....
Morgenfrisk start frå Tjernholmen og snart på jobb att....

Siste toppen Storenipa 192 moh på Tvibyrge rakk vi akkurat å nyte i ein nydeleg solnedgang, men det var heller ikkje så mykje tid att av lyset til å stå i noko lengre tid. Vi kom oss raskt ned til kajakkane att og fekk med restane av ein gylden solnedgangen, som etterkvart gjekk over til ein stjerneklar nattehimmel og ein tydeleg Melkevei. Den består seg av 200 og 400 milliardar av stjerner, og var berre så ufatteleg klar og nydeleg eit skue. Det opplevast ekstra sterkt og flott så langt ute i mørket med dei store og rolege havdønningane, i sånne kontrastar føler ein seg med eitt ganske liten...:) Kl 23.00 hadde vi funnet ei ganske fin havn ved den idylliske øya Tjernholmen å campe på...Kveldsmat, stjernehimmel, vin og rolege havdønningar var fin avslutning på dagen. Kl 06.30 var vi padleklare og siste stykket inn att mot Staveneset rakk vi å gni søvnen ut. Kl 08.00 var vi til land og med velkomst av ein utenlandsk turist på kaia i berre skjorta, som vinka smilande og fornøgd til oss der vi kom ifrå storhavet. Og hyttefolket ved bilen var allerede i gang med luftgeværskyting kl 08.00 denne fredagsmorgonen. Våken var vi nok begge då vi inntok arbeidsplassane våre i Jølster og Førde denne dagen :)
Takker for superfin tur og naturopplevelse Brit Siv Fimland

User comments

  • -
    avatar

    Modige damer!

    Written by deleted user 25.09.2015 07:51

    Flott tur!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.