Bremanger: Yste Steinfjellet og Nonsfjellet (21.08.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Igland (5m)
Endpoint Igland (5m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 06min
Distance 13.3km
Vertical meters 840m
Map
Ascents Haugsteinfjell (681m) 21.08.2015
Nonsfjellet (567m) 21.08.2015
Visits of other PBEs Grotlesanden (0m) 21.08.2015
Yste Steinfjellet
Yste Steinfjellet
Grotlesanden. Kaldt i sjøen og vind. Vi vassa litt
Grotlesanden. Kaldt i sjøen og vind. Vi vassa litt

Kom til Igland i finfint ver og snakka med ein kar om parkering. Det er registrert ein parkeringslomme her på Peakbook, men det eksisterer ikkje tilrettelagt parkering ifølgje han. Eg kunne aller nådigst lure til bilen der den svinbratte ATV-veien startar opp i fjellet. Det var viktig å ikkje blokkere for trafikk. Om nokon vurderer denne ruta opp til Haugsteinfjell/Yste Steinfjellet trur eg det kan være greitt å avtale med nokon som bur der angåande parkering.

Lasta opp bæremeis og starta oppstigninga. Dette er den brattaste og mest kronglete veien meint for kjøyrety eg nokon gong har gått. Det må no være kun ATV som kan komme seg opp her. I tillegg var det mykje laus masse/stein i veien. Men for all del, det er veldig greitt og enkelt å gå opp her. Veien går opp til over 500 moh på nordsida av Videdalsvatnet. Her var det til all overrasking hyttebygging på gang. Litt av ein plass å ha hytte, men det er heldigvis ikkje mitt problem. Frå siste hyttene var det svært lettgått austover til Yste Steinfjellet. Gjekk vidare nordvestover forbi Krypsvatna til Nonsfjellet (Nordfjord 50 m). Retur rett sørover til hyttefeltet igjen og lett nedover veien. Møtte ein kar som kom leidande på ein sykkel oppover. Han håpa bremsene var i orden til turen nedover, ja det håpa eg og. Ein fin tur, men mykje vind i høgda. Heilt ok å sleppe varmen og insekt. Veldig kjapp og enkel rute til Yste Steinfjellet.

Etter turen kjøyrde vi til Grotlesanden. Her er det parkering, men den er privat og om ein ikkje skikkar seg her kan ein få seg ei overhøvling av grunneigarane. Det var tilskya no og mykje vind. Vinjar fekk vasse litt. Sidan det ikkje er lov å stå på denne private parkeringa etter 2200 kjøyrde vi til Iglandsvik og marinaen. Der er det bubilparkering og teltplassar, betaling i Jokerbutikken. Seinare på kveld kom Bjørn (Bastolen) med kidsa Steffen og Hanna for å være med på turar dei neste par dagane.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.