Roan med reinsdyr (07.08.2015)

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 4h 15min
Distance 8.8km
Vertical meters 627m
Map
Ascents Roan (1,191m) 07.08.2015
Endeleg ein dag med fint ver og varme. Vi starta frå P-plassen i Røyningsdalen ca kl 1300. Snakk om godt merkt turrute! Frå riksvegen og til topps er det umogleg å gå feil. Gjennom vakker furuskog med jamn stigning, så bjørkeskog med meir stigning, og deretter berg og lyng. Såg varden i god avstand, og var oppe etter 1,5 time inkl fotografering og småstopp. Lang pause på toppen. Vi gjekk ut mot aust og såg på stupet og på pynten mot søraust. Og der fekk vi auge på ein reinsbukk nedanfor oss. Etter kvart fekk han auge på oss også, men vi kunne følgje med han der han flytta seg heilt ned til dalbotnen til slutt. Så snudde vi oss for å gå opp til varden att, og der ved sida av varden stod to bukkar til i silhuett! Vi nærma oss forsiktig, og der materialiserte det seg ei simle evt kalv i tillegg. Utruleg! Dei sprang vekk før vi kom opp att rimelegvis, men flott syn! På veg ned såg vi dei ein gong til, der dei gjekk på ei stor snøfonn i sola. Vi såg også seks rjuper på toppen. Av folk såg vi to, ifølgje toppboka var dei tyske. Stemte med den parkerte bilen ved stigstart. Mange utlendingar hadde skrive seg inn i boka, heng vel saman med god merking? Vi brukte 2 timar og 49 minutt på sjølve turen, men var borte i 4 timar og 15. Målte 8,83 km, og 627 hm. Helge var med. Eventyrleg flott tur!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.