Rogalandsraid - Haugesund! (11.08.2014)

Written by HåkonL (Håkon Lie)

Map
Ascents Klauv (245m) 11.08.2014

Etter å ha vore på Karmøy sin høgaste topp, og teke meg ein tur rundt om på Karmøy. Var eg no klar for Haugesund sin kommunetopp. Eg køyrde difor frå Karmøy og inn i Haugesund sentrum. Turen gjekk vidare nordover på rv. 47, her tok eg av mot Kvalvåg. Køyrde eit lite stykke på denne vegen, heilt til eg kom til ein bakketopp, der det er ein trafo og ein liten parkeringsplass. Herfrå gjeng det sti til topps. Det var ein voldsom vind på toppen, og det var tydeleg at den tropiske stormen Bertha har nådd Vestlandet!

Eg tok den lette løysinga og sov i baksete på Golf'n. Sidan det allereie var seint sov eg berre på parkeringa nedanfor toppen. Det vart ikkje så mykje søvn denne natta, litt ukomfortabelt å liggje, men også tordenvêr som buldra utanfor. Eg hadde lagt meg rett under høgspent leidninga, noko som kanskje ikkje var det luraste om det slo ned. Men det gjekk bra og kommunetoppraidet haldt fram dagen etter.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.