Endå ein supertur (23.07.2015)

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 6h 00min
Distance 7.7km
Vertical meters 860m
Map
Ascents Kvænan vest (963m) 23.07.2015

Ein ny heilt fabelaktig tur. Ferge frå Tromsø til Botnhamn på Senja, så nasjonal turistveg sørover, og stopp ved inngangen til Ånderdalen nasjonalpark. Vi starta frå den nordlege tunnelopningen til Sifjordskartunnelen, og gjekk rett opp til Innerskardet. Vi starta ca 1630 i strålande ettermiddagssol og vindstille. Det vêret heldt seg heile turen. Vi gjekk rett opp den vestvendte fjellsida og prøvde å følgje grasrennene og sleppe unna urdene. Ved ca 700 høgdemeter vende vi mot sørøaust og følgde skråninga slakt oppover. Ein del ur etterkvart. På ca 900 hm rasta vi. Vi følgde toppen mot søraust til vi kom til obelisken som markerer starten på kløfta ein må ned og oppatt med litt klyving. Her sette eg stavane på sekken før eg byrja på det strekket. Det gjekk greitt, vi kom oppatt, og nådde den første varden utan problem. Men så var det den store testen for min del. Frå varden og bort til det eigenlege toppunktet er det eit smalt og luftig parti som krev klyving. Heldigvis hadde vi med oss venene mine sin klatrarson, og med hans støttande rettleiing om ruter og hand- og fottak, greidde eg utruleg nok å kome meg bort på sjølve toppunktet. Eg er høgderedd, og dette var første gongen eg har gått en topp med vanskegrad 3! Veldig god meistringskjensle. Merk likevel at eg ikkje kraup ut på den skråstilte hella der det også står ein liten varde. Men vi var vel samde om at punktet vi sat på var like høgt! Vi brukte vel ein time i kveldssola borte ved den andre varden og fotograferte og smårasta. Heimturen var nydeleg i stadig lågare kveldssol. Vi nådde bilane kl 2230, og brukte altså ca 4,5 timar på gåing og 1,5 timar på rasting. Turen målte 7,7 km, høgdemetrane var 860. Anne, Eirik, Hallvard og Mathilde var med. Fabelaktig tur både pga vêr og utsyn som var heilt konge, men også fordi eg sprengde ei lita grense for meg sjølv. Vi overnatta i telt nede ved fjorden (Gjeska).

User comments

  • -
    avatar

    Sommer i Nord-Norge!

    Written by knutsverre 18.08.2015 23:01

    Jamen er det flott der oppe i nord! Skulle gjerne tatt en tur til noen av kommunetoppene nordpå. Kanskje neste sommer?

    • -
      avatar

      Sv: Sommer i Nord-Norge!

      Written by bakken59 19.08.2015 21:31

      Ja eg er kjempebegeistra, men vi var griseheldige med vêret, fire av seks toppar i supervêr. Det kunne vi jo ikkje vite då vi booka turen to månader i forvegen! Trur nok at det oftare er grått vêr enn slik vi opplevde det.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.