Nordreisa andre kommune i Troms (18.07.2015)

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 5h 30min
Distance 13.0km
Vertical meters 739m
GPS
Ascents Halti (1,328m) 18.07.2015
Ráisduottarháldi (1,361m) 18.07.2015

Vekkarklokka på 0540, fly til Tromsø, leigebil og med den var Anne, Eirik og eg på veg mot Kåfjord ca kl 1300 etter litt proviantering mm. Vi køyrde fjorden inn og så opp dalen forbi den gamle industriplassen Ankerlia (etter entrepenøren Christian Anker frå Halden!), forbi det spektaulære juvet med bru Gorsabrua (som vi besøkte i dag 20.7) og inn forbi det regulerte vatnet Guolasjàvri til demningen der vegen sluttar. Overraskande mykje trafikk på vegen, flest finskregistrerte bilar. Vi starta å gå ca kl 1630, og gjekk opp i strålande ettermiddags- etterkvart kveldssol. Vi gjekk rett på Ráisduottarhàldi først og rasta der. Mykje ur og stein og ganske mykje snø då vi nærma oss toppen. God sikt i alle retningar. Så gjekk vi tvers over og bort til Halti, den finske grensevarden. Litt stas med ein nasjonstopp, særleg då for Anne og Eirik som samlar på slike. Slitsamt å gå i så mykje snø, for periodevis var det ganske rotent. Men der det bar var det jo mykje betre enn steinura! Vi hadde litt vind heile turen som heldt myggen unna. Vi var nede ved bilen ca kl 2200. Då hadde vi altså brukt 5,5 time inkludert eit par pausar. Turen blei målt til 13 km og høgdemetrane til 739. Anne og Eirik var med. Nydeleg start på Troms-raidet vårt, draumevêr rett og slett. Ned til overnatting på Birtavarre camping.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.