Sletthøe og Sletthøtangen (07.07.2015)

Skrevet av mariusmeland (Marius Meland) GSM

Startsted Nordli (904moh)
Sluttsted Nordli (904moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 5t 00min
Distanse 14,0km
Høydemeter 700m
GPS
Bestigninger Sletthøe (1555moh) 07.07.2015
Sletthøtangen (1295moh) 07.07.2015

Tur til Sletthøe og Sletthøtangen. Turen gjekk oppover lauvskog før det gjekk over i lavdekt terreng.

Eg gjekk først til Sletthøtangen, deretter beina eg opp på Sletthøe. Fin utsikt mot Rondane, Storsølnkletten, Atndalen, Snøhetta m.m., men lågt skydekke i horisonten kutta utsikta mot dei største toppane. Relativt kaldt, overskya ver med +5 grader og kraftig vind på toppen av Sletthøe.

Dårleg batteri på klokka gjorde at GPS-sporet berre vart logga oppover. Nedturen gjekk om lag på same stad, med unntak av at eg no gjekk vest for Sletthøtangen. Lengd og tid på turen synt reflekterer heile turen opp og ned, ikkje berre GPS-spora.

Her er litt foto:

Utsikt mot Sletthøtangen
Utsikt mot Sletthøtangen
Utsikt frå Sletthøtangen mot Storsølnkletten, Atndalen, toppar i Rondane m.m. Skyene kutta dei høgaste toppane denne dagen.
Utsikt frå Sletthøtangen mot Storsølnkletten, Atndalen, toppar i Rondane m.m. Skyene kutta dei høgaste toppane denne dagen.
Utsikt frå Sletthøtangen mot neste topp, Sletthøe.
Utsikt frå Sletthøtangen mot neste topp, Sletthøe.
Utsikt frå Sletthøe.
Utsikt frå Sletthøe.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.