Fræna/Eide: Stordalstinden og Blåfjellet (04.07.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Parkering Trollkyrkja (90m)
Endpoint Parkering Trollkyrkja (90m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 09min
Distance 11.5km
Vertical meters 975m
Map
Ascents Blåfjellet (864m) 04.07.2015
Stordalstinden (895m) 04.07.2015
Trolltindan øst (847m) 04.07.2015
Visits of other PBEs Trollkyrkja (484m) 04.07.2015

Vi overnatta på parkering Trollkyrkja. Utpå kvelden kom ein bil skrensande inn på parkeringa, og ein vaksen mann la til palings 100 meter innover veien mot Trollkyrkja før han gjorde eit tigersprang til sides og huka seg ned. Kom ruslande fornøgd tilbake og satte opp eit minitelt av typen 399,- på parkeringa. Inn i miniteltet på ca 2 kvm for han, kona og ei vaksen jente + kjøteren.. og ein sixpack øl. Etter 10 minutt kom jenta ramlande ut av teltet og brølte på elgen mens armane gjekk som rotorblad over haudet for å jage vekk knotten. Trur det må ha vore noke forderva kjøt i den gryta der! Ja det er mykje god underhaldning på parkeringsplassar rundt om.

Lise på vei ned og inn i Trollkyrkja
Lise på vei ned og inn i Trollkyrkja
Inne i Trollkyrkja
Inne i Trollkyrkja

Det var meldt strålande ver, men dagen starta med skodde ned til ca 500 moh. Denne letta når vi var på veg mot Blåfjellet og vi fekk ein kjempetur. Det er lett å finne fram til Trollkyrkja som er bortimot ei turistmaskin. Herifrå fulgte vi ein sti/saudetrakk rett austover eit stykke før vi starta på bakken til Blåfjellet. Lett og fint å gå. Vidare lett ned i skaret og opp ryggen til Stordalstinden. Gjekk enno eit lite stykke bortover denne traversen (Lise og eg har mykje moro med traversbegrepet som snart er like mykje brukt og misbrukt som puddergnålet) til ein knoll før vi vende nasa nedover mot Trollkyrkja igjen. Her var det no eit yrande folkeliv, med parfymelukt og språk frå alle verdenshjørner. Vi tok oss tid og klatra ned stigen og gjekk inn til den eine fossen. Kjempeflott, verdt eit besøk i seg sjølv! Nedover mot parkeringa møtte vi mykje folk, i alle aldersgrupper og vektklasser. Imponerande, det er bortimot 3 km og 400 høgdemeter. Kjøyrde til Syltesetra der vi plukka Kvannfjellet og overnatta på parkeringa. Kjempedag i Fræna, her er det mykje flotte turar.

Frå Blåfjellet mot Stordalstinden
Frå Blåfjellet mot Stordalstinden
Blåfjellet
Blåfjellet
Frå Stordalstinden mot Blåfjellet. Havskodda låg tjukke som graut lenger ute
Frå Stordalstinden mot Blåfjellet. Havskodda låg tjukke som graut lenger ute

User comments

  • -
    avatar

    Familietur

    Written by otto 06.07.2015 22:33

    Glimrende familietur og flotte bilder. Vi hadde med oss barn og barnebarn til Trollkyrkja for tre år siden.. Flott med skydekket skulle tro dere var betydelig høyere over havet.. Ser ut som Vinjar storkoser seg på turene...

    • -
      avatar

      Sv: Familietur

      Written by boven 06.07.2015 22:48

      Fin tur med barn ja. Var fleire små oppover. Ein gut hadde med lommelykt og var klar. I går bada Vinjar i fjorden pluss lange matpausar på turen. Det går finfint.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.