Molde: Bjørnlihaugen og Horga (01.07.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Gapahuken v/ Skålsætervegen (180m)
Endpoint Gapahuken v/ Skålsetervegen (180m)
Characteristic Hike
Duration 2h 00min
Distance 10.0km
Vertical meters 530m
Map
Ascents Bjørnlihaugen (319m) 01.07.2015
Horga (552m) 01.07.2015

Vi kom frå Maifjellet. Meldingane for morgondagen svært gode, og når vi såg over fjorden mot Skåla bestemde vi oss for denne neste dag. Parkerte og overnatta ved gapahuken eit lite stykke før Skålsetra. 2 kveldsturar på blokka. Den første så enkel som det kan bli. Rusla litt tilbake og tok av på god grusvei til topps på Bjønnalihaugen. Kasse og bok på toppen, mast er der og. Lise og Vinjar var med, tidsbruk ca 1 time. Den andre turen tok eg åleine. Rusla igjen litt tilbake frå gapahuken og tok av ein skogvei oppover. Fulgte denne til 350 moh, før eg tok sats og beina meg igjennom granfelt og bukkemark ca 50 høgdemeter. Etter dette lettgått i åpent skogsterreng oppover mot toppen. Denne toppen var ein kjempeoverraskelse. Veldig flott utsikt mot Molde. Flugene var i storslag. Tok ca 10 stk i kvart slag. For kvar gong eg drog handa over den hårlause skalljen min rausa det daude fluger ned på alle kantar. Det værste eg har vore ute i. No tacklar eg bra insekt og slikt pga mykje tid i Finnmark osv, men kjekkt er det ikkje. Sprang/gjekk kjappt ned til bilen igjen. Tidsbruk ca 1 time.

Lise på Bjønnalihaugen
Lise på Bjønnalihaugen
Flott kveld på Horga
Flott kveld på Horga

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.