Halsa: Rodal rundtur (19.06.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Rodal ved bommen (50m)
Endpoint Rodal ved bommen (50m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 54min
Distance 21.6km
Vertical meters 1,520m
Map
Ascents Blåfjellet (836m) 19.06.2015
Grønlifjellet (809m) 19.06.2015
Gåsvikfjellet (621m) 19.06.2015
Steinfjellet (674m) 19.06.2015
Vasslifjellet (667m) 19.06.2015
Frå Blåfjellet mot Dyrstolan
Frå Blåfjellet mot Dyrstolan
Gåsvikfjellet dagens siste. Mot Blåfjellet, ein flott topp
Gåsvikfjellet dagens siste. Mot Blåfjellet, ein flott topp

Parkerte ved bommen i Rodal. Den stod åpen, iflg ein eg snakka med på ei hytte rett oppi veien var denne ikkje blitt låst siste året. På grinda står det "Privat veg". Eg tolkar dette som at den ikkje er åpen for allmenn ferdsel, og forheld meg til det. Veien innover er svært god. Skylaget hang godt nedpå toppane, meldingane var trivelegare utover dagen.

Tok av ved kraftverket mot Rodalssetra. Bak siste hytta oppe i hjørnet av stølskvia fann eg ein god sti eit stykke innover. Tok etterkvart av oppover og gjekk nordryggen til Vasslifjellet. Gjekk nordom Litlevatnet til Steinfjellet, vidare sørover til myrane 450 moh sør for Blåvatnet. 350 høgdemeter opp til Grønlifjellet. No var siste skydottane vekk og mot Blåfjellet var det lett vandring i fint ver. På Blåfjellet fann eg dagens einaste turbok i eit sylteglas i varden. Berre 2 namn før meg i 2015, elles godt besøkt gjennom tidlegare år. Kvar den vanlege ruta går opp frå veit eg ikkje. Eg møtte bortimot ingen merking eller stiar heile denne dagen. Holdt fram bratt ned på austsida, runda den første kollen i skaret på eit dyretråkk og vidare opp ei side sørvest for 610-toppen. Kom til Gåsvikfjellet, dagens siste i strålande ver. Herifrå peila eg meg inn rett vestover og fulgte bekken som er tydeleg på kartet heilt ned til veien igjen. Litt bratt enkelte parti men kom meg ned utan problem. Dette var ein fin tur til 5 toppar i Halsa. Blåfjellet var den finaste.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.