Aure: Takk og farvel, pf 100 komplett! (03.06.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Bakksetra/Krokvatnet
Endpoint Bakksetra/Krokvatnet
Characteristic Hike
Duration 2h 12min
Distance 8.5km
Vertical meters 615m
Map
Ascents Kjellarfjellet (592m) 03.06.2015
Kviturdknubben (465m) 03.06.2015
Svarthammaren (591m) 03.06.2015

Finaledag i Aure. Vakna på parkeringa på Klakkan til ein sur dag. Vart 2 soloturar dette sidan veret var dårleg og toppane/terrenget ikkje all verden å væte seg ut for Vinjar og Lise.

Tur 1: Kjøyrde til parkering nord for Sæterelva. Her er det merka Sandvasstien. Denne fulgte eg nokre hundre meter før eg tok av langs åpne parti med delvis bart fjell oppunder hammarane rundt 400 moh. Krongla meg oppover i ulendt terreng og etterkvart flatt bortover til grensepunktet 592. Det er usikkert om dette er høgste punktet på fjellet. Eit punkt ca 275 m lenger vest (søraust for det lissje vatnet) målte eg til same høgde (5m koter på kartet). Finn ikkje høgder på desse på karta. Legg inn Svarthammaren med 592m/pf 15m enn så lenge. Grensepunktet som hovudtopp. Retur samme veien etter sporet på klokka.

Tur 2: Parkerte ved Krokvatnet der veien vestover startar. Fulgte denne til endes, ei og anna raudmerking dukka opp. Tydeleg at dette og har vore ein 4fjells tur i Aure ein gong i tida, men vidare skilting/merking er ikkje prioritert. Vidare opp lia etter gamle stiar og trakk. Vestover til toppunktet. Trigpkt er ikkje høgste punkt. Det ligg nokre meter sør for denne og er ca 3 meter høgare. Legg inn høgde 465 på Kviturdknubben. Det var det....Aure i boks. Rusla til bilen og forlot kommunen nokre timar seinare.

Finaste tur: Innerbergsalen til Stabben
Spennande område: Frå Todalen og nordaustover til Klakkan.

Aure komplett, Kviturdknubben siste topp
Aure komplett, Kviturdknubben siste topp

User comments

  • -
    avatar

    Fullført..

    Written by otto 04.06.2015 21:34

    Bare å gratulere med nok en kommune...

    • -
      avatar

      Sv: Fullført..

      Written by boven 05.06.2015 21:07

      Takk Otto. Lenger vekk i M&R kjem vi ikkje.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.