Tre toppar og overnatting i Hedmark (24.05.2015)

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hike
Distance 24.5km
Vertical meters 727m
Map
Ascents Granberget (528m) 24.05.2015
Hornkjølberget (433m) 24.05.2015
Rafjellet (576m) 24.05.2015

Pinseaftan var nydeleg i Oslo, men det var sundagen vi hadde sett av til topptur. Laurdag ettermiddag sjekka vi yr.no, og oppdaga at det var varsla regn frå ettermiddagen sundag. Og sidan eg hadde blitt utfordra til å sove ute i løpet av mai i ein stafett på jobben, heiv vi oss rundt, pakka sekkane og køyrde til Odals verk der vi var framme kl 2015. Vi vandra oppover vegen forbi Fløyta og opp til demningen i Valsjøen, der var det jo ein fin teltplass, men vi tenkte først at vi hadde gått litt kort, og gjekk vidare og til venstre bort til neste vatn. Rota litt der etter ein teltplass, men endte med å dra ned att til Valsjøen, der vi slo opp telt, åt varme nudlar og delte ei flaske raudvin. Kraup ut av teltet i morgonsol, åt frukost og la oss i veg oppover vegen ca kl 0815. Klart det hadde vore betre å sykle, men Uncas greier ikkje lenger å springe etter sykkel, så av omsyn til hunden fekk vi ein ganske lang gåtur. Fann toppen greitt, og hadde pause borte ved "Granbergvillaen" ca kl 1000. Så bar det ned att til telta, pakka dei saman, og gjekk nedatt til bil og motorsykkel. Så køyrde vi direkte til Rafjellvegen, først til Roverud, og der tok vi av nordover og følgde skiltet som sa Nor, og deretter opp Rafjellvegen, godt skilta med Rafjellet oppover. Der vegen er slutt, er det ein parkeringsplass, og skiltet sa Rafjellet 1,6 km. Den nye gps-klokka mi målte 1,8 km. Ganske vått innimellom, men veldig fin sti heilt opp. Vi var som svintast oppe i tårnet og så nedatt til bilen. Klokka nærma seg 1500 før vi fann ein stad å spise i Kongsvinger, vi endte opp på sportsbar Telegrafen, og langa innpå hamburgarar og pommes frites - herleg! Så køyrde vi sørover, og det byrja som det var meldt, å regne. Vi parkerte på venstre side av vegen, og følgde skilta til Hornkjølberget. Super sti, vi brukte 15 minutt opp, klatra den luftige stigen inne i tretårnet og så på det flotte utsynet, og så kvikt ned att.

På veg opp hadde eg eit lite forsprang på dei andre, og var så heldig å sjå ein elg som kryssa stigen framfor meg. Så bar det heimover, Tom køyrde motorsykkel i regnveret, Marit og eg sat lunare i bilen, og køyrde småvegar til Aurskog Høland. Vi såg eit rådyr som kryssa vegen, og eit utruleg syn med ein stor flokk hegrar som først gjekk på eit jorde og så tok av med høge skrik. Fantastisk! Første turen var på 18,9 km, og vi brukte 4 timar og 29 minutt, den andre var på 3,6 km og brukte 56 minutt, og den siste var 2 km og vi brukte 29 minutt. Tom, Marit og Uncas var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.