Surnadal: Blåfjellet (07.05.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Haugavatnet (180m)
Endpoint Haugavatnet (180m)
Characteristic Hillwalk
Duration 1h 30min
Distance 6.0km
Vertical meters 600m
Map
Ascents Blåfjellet 766 m i Surnadal (766m) 07.05.2015
Blåfjellet, vestover mot Saksa
Blåfjellet, vestover mot Saksa

Kom frå Folddalen og var usikker på vidare framdrift. Parkerte ved bautaen ved Haugavatnet og tok ein kartstudie. Her vart det ein impulstur! Klokka var 18 og eg kunne ikkje sitte i bilen og kope heile kvelden. Veret var og på mi side, ikkje nedbør lite vind. Gjekk gjennom eit par granfelt og opp ryggen mot Stabben. Traverserte bort sida i snøflekkar og kratt før eg kom fram til sørvestryggen opp til Blåfjellet. Enkelt å følgjen denne til topps. Litt lett skodde som kom og gjekk. Ikkje bok på toppen, men ei treplate med desse bokstavane på som eg har blitt vant til i Surnadal. Ei blåmerka rute kom opp frå vest, kvar denne startar må fuglane vite. Retur la eg til Sørentjørna, då slapp eg krattet og snøen der eg gjekk opp. Ein kjapp tur på 1,5 time avslutta dagen. Overnatta ved bautaen. Planen for neste dag var 3 toppar frå Skrøvset dersom veret var ok.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.