Hedmarkstriangelet - dei første toppane i Hedmark (12.04.2015)

Written by bakken59 GSM

Characteristic Backcountry skiing
Map
Ascents Sørøst for Hemmelkampen (1,057m) 12.04.2015
Øst for Kroksjøhøgda (931m) 12.04.2015
Tuva (1,090m) 12.04.2015

Tidleg påske og flotte skiforhold i fjellet motiverte til å reservere denne sundagen til ein skitopp. Valet fell på Hedmarkstriangelet, tre toppar kunne kanskje forsvare dagstur frå Oslo? Kom frå byen kl 0900, bra til å vere meg, men tulla med køyringa, for dårleg bilkart og fomla med den nye gps'en i bilen. Eg skulle ha tatt av der det sto Brumund sag, men køyrde rett fram og havna til slutt ved Mesnali, og derifrå visste eg ikkje om det var tversovervegar, så eg køyrde attende, spurde meg for og fann ein tversoverveg forbi Veldre skistadion til bommen ved Brumund sag. Hadde ikkje 105 kr i cash, ei heller penn, og luka var ikkje betjent, så eg feide innover utan å betale....Det var mykje lenger oppover enn eg hadde tenkt, fleire mil, så då eg kom til Skvaldra blei kl 1230 før eg var på ski. Eg hadde skrive ut aask sitt gps-spor og beskriving og tatt med eigen gps, og summen av dei to hjelpemidlane hjelpte meg til å manøvrere rett. Eg følgde omtrent same sporet, men gjekk litt lengre for eg kryssa over Londalen litt lengre nord enn aask, og gjekk heile ryggen sudover til eg kom til toppunktet på Himmelsynkampen. Kommunetoppunktet har eg dekt ved å krysse nedover og sjekke at gps'sporet gjekk over "toppen", men veit ikkje heilt kva for varde eller kampestein som var toppunktet. Eg hadde flott sol og god sikt heldigvis, hadde vore sjanselaus med dårleg sikt i dette terrenget. Men eg hadde også stiv kuling, og det var ikkje freistande å stanse på nokon av toppane. Men eg stansa ved den vesle hytta sørvest for Himmelsynkampen, og åt nista der inne i vindsekken. Fint for å titte nærare på kart og beskriving og gps. Så heldt eg aust for Svartkampen og fann både Kroksjøhøgda og stauren som markerer Hamar sin kommunetopp. Skrale greier til topp å vere! Eit høgdepunkt likevel på turen var alle reinsdyrspora i dette hjørnet av triangelet. Ferske spor, men dessverre ingen dyr å sjå. Men tre rjuper flaug opp på Kroksjøhøgda, og det var det livet eg møtte på turen utover tre hyttefolk nede i hyttefeltet. Heldigvis stilna det litt slik at heimturen frå siste toppunkt ikkje blei så tung i motvind som eg var budd på. Skaren bar nesten heile vegen, men innimellom gjekk eg gjennom, og i to nedoverkøyringar tryna eg som følgje av at skaren brast under meg. Eg brukte 4 timar og 45 minutt på ski inkludert spisepause, nokre smørepausar, (landa til slutt på universalklister) og mange stopp for å sjekk gps og kart. Dessutan 6 timar i bil. Gjekk aleine i dag.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.