Mad Skillz i Katskills (20.02.2015)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Ice climbing
Map
Visits of other PBEs Catskills isklatring 20.02.2015

Denne helga gjekk turen til Catskills-fjella i upstate New York for litt isklatring. Vi skulle møte Andreas og Solveig frå Trondheim, som var ein rask tur i nordaust før dei dreg til California. Andreas og Solveig er forfordelte frå naturen si side både psykisk og fysisk, men sidan dei no er midt i eit friår med berre klatring har det liksom tatt heilt av! Eg og Kona har trent som pesten for ikkje å drite oss heilt ut i møte med våre trondheimsvenner. Med seg hadde dei Jens (4 år) som etter eit halvt år med buldring i Fontainebleau byrjar å bli rimelig forfordelt sjølv.

Vi møttest i New Paltz, der dei leigde utstyr, før vi tok første dag i Devil's Kitchen. Temperaturen var noget stiv (ca -15grader), men sola varma, og det vart rett så koselig i dei solvende flowane.

Pillar på pillar i Devil's Kitchen. Eg prøver å kvile meg til topps
Pillar på pillar i Devil's Kitchen. Eg prøver å kvile meg til topps

Rykta sa at isen i Catskills skulle vere litt mædium, men det må ha vore før klimaendringane byrja å gi bitande kalde vintrar i nordaust, for dette var heilt rått! Sandsteinen som ligg så fint lagvis i Catskills gav nydelige overheng draperte med gardiner og pillarar. Vi kosa oss i sola, og støta på. Eg klarte tilogmed å perse på ei søyle som eg trur må ha vore WI5, så dette var bedre stemning enn i Sogndal.

Kona støtar i Stoney Clove
Kona støtar i Stoney Clove

Dagen etter prøvde vi oss på eit anna område: Stony Clove. Denne dagen var det rimelig sur vind og snødriv. Friskt! kan ein seie. Litt mindre spennande is, ein gjeng kursdeltakerar som trakka på taua våre, samt litt frynsete nervar etter gårsdagens persing, gjorde at støtinga vart litt mildare i dag. Vi topptaua derimot på nokon frekke gardiner, før vi vende snuten tilbake til laurdagspizza.

Isklatring er ein hyggelig aktivitet for heile familien
Isklatring er ein hyggelig aktivitet for heile familien
Andreas turnar på ein tapp...
Andreas turnar på ein tapp...
...og toppar ut i alpine forhold
...og toppar ut i alpine forhold

Den kvelden såg vi filmen Valley Uprising, om utviklinga av klatringa i Yosemithe, og om korleis dei kule slengbuksekledde klatrarane der hadde kjempa mot trangsynte rangers om å få lov til å utøve klatringa (og ein medførande utsvevande livsstil) i parken. Dette var god oppvarming for oss, både fordi vi skal møtast att i Yosemithe i Mai, og fordi morgondagens isklatring gikk til ein hemmelig og ulovlig stad som vi hadde fått tips om på den lokale klatrebutikken.

Dagen etter køyrde vi til denne hemmelige straden, Stoney Kill Falls. Ein virkelig nydelig plass med ei stor jettegryte der fleire fritthengande pillarar heiv seg utover kanten. Temperaturen var i tillegg reinaste kvikklunsj-stemninga. Vi såg forgjeves etter trongsynte skogvoktarar, før vi raskt leda opp enklaste flowen og satte opp to topptau (enkelt og enkelt, WI4+, pust pes), og heldt fram med å kose oss glugg ihjel. Solveig, som aldri hadde klatra is før, skrudde på cruise-kontrollen og seila opp både is og stein.

Jøss, her var det mykje pent
Jøss, her var det mykje pent
Oh yeah!
Oh yeah!
Kvikklunch-stemning i Stoney Kills Falls. Men kvar er dei trongsynte skogvoktarane?
Kvikklunch-stemning i Stoney Kills Falls. Men kvar er dei trongsynte skogvoktarane?
Solveig skrur mixmasteren på "Crush"
Solveig skrur mixmasteren på "Crush"

Diverre nådde vi ikkje over så mykje i Catskills denne gongen. Berre Stoney Kill Falls hadde nok underholdning for ein heil sesong.

Så er du i New York og vil isklatre, så er det absolutt verdt å ta turen til Catskills. Det er kanskje ikkje så mykje is som i New Hampshire, men den er særs kul med konsentrerte crag med alt frå WI2-6 og masse mix.

Kvikklunch, no!
Kvikklunch, no!

User comments

  • -
    avatar

    Herlig!

    Written by SturlaS 25.02.2015 23:54

    Stemningsfullt familiebilde. :-)

    • -
      avatar

      Sv: Herlig!

      Written by kobbenes 26.02.2015 18:16

      Hehe, knallstemning i snøføyka. Så lenge det ikkje er forfrysningar så er det vel greit ;-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.