Bukkenibba og kremtopp frå Gjegnalunden (22.11.2014)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Gjegnalunden (458m)
Endpoint Gjegnalunden (458m)
Characteristic Hillwalk
Duration 4h 30min
Distance 10.5km
Vertical meters 1,180m
Map
Ascents Bukkenibba (1,522m) 22.11.2014
Nord for Bukkenibba (1,411m) 22.11.2014
Ein flott topprygg frå Nord for Bukkenibba
Ein flott topprygg frå Nord for Bukkenibba
Gjegnen i majestet og Trollveggen to..
Gjegnen i majestet og Trollveggen to..
Sti start under linja..
Sti start under linja..
Ein blir liten under slike dimensjonar!!
Ein blir liten under slike dimensjonar!!

Heilt sidan turen på Gjegnen i april i år, har eg tenkt på Bukkenibba. Den såg så utruleg enkel og flott ut å nå og ikkje minst litt av ein krem topp :) Dette området er berre heilt spesiellt, berre så synd at det er så utbygt...hadde tenkt å ta turen søndagen etter Lote besøk. Men droppa den for tannpine, som kom og gjekk som den ville.....!!! Helga og lørdagen etterpå laga det seg sånn, at Johan frå Oppdal vart med i det perfekte vinter veret. To timar tar det å køyre på delvis glatt veg ut til Ålfoten/Gjegnalunden via Eikefjorden frå Førde. Litt kortare dagar med dagslys og litt sein start, gjorde til at fristelsen denne gangen vart for stor....Då anledningen bydde seg med at anleggskaren nede ved bommen, nemde noko om at vi måtte berre køyre opp den ca 4 km lange anleggsvegen. Men som eigentleg i utgangspunktet hadde vore heilt ok å vandra opp...;) Så vart det berre til at vi køyrde til endast av vegen, og til den ikkje gjekk lengre. Parkerte der og fant ut at vi måtte litt ned att nokre 100 meter for å komme oss opp dei bratte grasbakkane og inn mot ryggen. Mykje sva berg i dette området, litt frose var det og greit då å vere litt forsiktig. Etter kort tid kom vi inn på ein orange merka sti som startar i siste svingen under monster linja. Stien er lagt utruleg flott til toppen, som er enkel å nå. Ein harepus hadde også funnet ut at det var fint å nyte denne dagen og den flotte toppryggen heilt til endast :) Einaste minus var lyden av eit anleggshelikopteret, som braut den gode natur stilla og som for i skytteltrafikk for ei ny linje i dette området... Men alt i alt ein fantastisk dag, tur og topp :) :)
Takk for fin tur Johan

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.