Kalverunde (22.11.2014)

Written by Garm (Gal Krokfot) GSM

Map
Ascents Austre Kalvehøgde (2,178m) 22.11.2014
Midtre Kalvehøgde (2,122m) 22.11.2014
Vest for Midtre Kalvehøgde (2,114m) 22.11.2014
Sørøst for Vestre Kalvehøgde (2,140m) 22.11.2014
Vestraste Kalvehøgde (2,150m) 22.11.2014
Vestre Kalvehøgde (2,208m) 22.11.2014
Nørdre Kalvehølotinden (2,019m) 22.11.2014
Mugna (2,159m) 22.11.2014
Sørvest for Mugna (2,140m) 22.11.2014

Den siste tida har enkelte tapetsert peakbook med herlege turrapporter frå flya der vi tåkebuarar kan skue himmelrike over skyane. Det er ikkje til å stikke under ein stol at ein etterkvart vert litt skeptisk til gull og grøne skogar tendensane når ein sjølv samstundes sitt nede i bygda og kopar inn i ein grå vegg.
Så difor var det no på tide å ta turen opp for å kontrollere dei faktiske forholda. Var det reelt eller har forfattaren berre vert heldig med ein tur som han kopierer oppatt og oppatt i forskjellige versjonar?

Grei start på dagen.
Grei start på dagen.

Nuvel, utstyret vart stasja inn i bilen og kursen lagt oppover mot høgda. Kvelden i forvegen hadde dårlege bekjentskapar prakka på meg altfor mykje raudvin så eg stilte ikkje akkurat fyrst i køa ved val av parkeringsplass ved ankomst vandreheimen. Høg sponsorklistermerkefaktor på bilrekka som var mange hundre meter lang. Ei mindre blyg jente i vegskanten ga kink i nakken og forårsaka nesten ei skademelding da eg køyrte forbi. Gliset hennar i bilspegelen tyda på at ho var fullstendig klar over krasjen ho nesten forårsaka.
På austsida av vegen hadde flesteparten av folka hopa seg opp på ei lita løype som gjekk ei runde nede på flata der dei pesa rundt i kø på joggestikkar. Eg kunne ikkje unngå å dra parallellar med å verta innestengt i eit harem for så å nøye seg med å sitta å koseprate med evenukkane. Vel, spor i snøen tyda på at også enkelte andre hadde andre interessar enn evenukkar og eg tok vestervegen etter dei.

Flya
Flya

Tok ein kjapp teknisk kvil der bakkane byrjar etter Fisketjerni. Sveitten spruta og det var på tide med litt lufting da dei komande bakkane neppe ville minske sveittestraumen. Gjekk forbi nokre grupper oppover, blant anna eit par som stod å nirøykja. Truleg for å få opna luftvegane oppover bakkane. Passerte også ein på tungt telemarksutstyr med bambusstavar. Det var høg randofaktor på denne sida av flya så det var godt å sjå at det fortsatt er enkelte tradisjonalistar som ikkje berre skal raskast og enklast opp og ned for å få oppdatert facebookstatusen sin med "been there, done that, bought the t-shirt".

Vidare oppover Steindalen var det spreidd litt folk hist og pist men da eg tok rett fram over Raslet var det plutseleg berre ein att i sporet framfor meg. Vedkomande stogga for ein matbit på høgaste punktet og dermed kunne eg nyte fyrstesporet i einsam majestet vidare innover. Men Adam er sjeldan lenge i paradis om gongen og allereie før tjønna kom det eit nytt spor inn frå sida og fortsette i min retning. Bakkane opp mellom 2088 og Rasletind gjekk kjapt unna og eg held meg langt unna maurtua oppe på Rasletind.
Da magen byrja å gje høglytt uttrykk for behov vart dagens fyrste matpause lagt rett nedunder Mugna. Kjeks, saft og mandarin gjekk ned på høgkant. Mens eg stod og gaffla innpå vart eg var ein person på retur frå Austre Kalvehøgde. Personen forflytta seg litt rart og det gjekk ei lita stund før det gjekk opp for meg at det faktisk var ein snowboarder som hadde forvilla seg heilt inn hit. Forstår godt at snowboard har oppnamnet hasjplank i mitt lokalmiljø for vedkomande må ha røyka både det eine og det andre når han fekk ideen om å bruke snowboard på denne turen...
Smak og behag.
Smak og behag.

Turen mellom Austre Kalvehøgda og Mugna var for slak til at han kunne gli heile vegen så framkomstteknikken var å gli litt på skrå nedover, ta av brettet, gå oppatt til kanten, spenne på seg att brettet og gli nokre meter vidare. Dette gjentok seg nokre gonger bortover før han runda på baksida av Mugna og fortsette nedover mot Rasletind, ein god del til fots. Spora vidare innover viste at han hadde vært heilt borte på Vestre Kalvehøgda. Enkelte er meir ihuga enn andre...

Eg skippa alle toppar bortover og la kursen rett mot Nordre Kalveholotinden. Møtte eit par på retur nedunder Austre og såg tre til borte på Vestre så da eg svingte sørover ut mot Nordre Kalveholotinden var eg endeleg på eigahand att med eit gamalt skispor som einaste selskap.
Eit lite skår i gleda at dei tre frå Vestre etterkvart tok same veg som meg, rart kor folkestygg ein kan bli i fjellet.
Eg entra toppen, dagens fyrste og plasserte visittkortet mitt saman med ei strategisk plassert gul rose rett ved sidan av for å forhindre at etterfølgjarane skulle falle for freistinga til å forgripe seg på visittkortet mitt. Så returnerte eg kjapt for å unngå å bli konfrontert med stuntet. Møtte følgje 50 meter frå toppen og slo av ein rask prat før eg ila vidare. No gjekk turen opp til Vestraste Kalvehøgde. I vest kasta sola gull på dei heftige klørne til Torfinnstinnane. Saman med Kvitskardstind og resten av rekka på vestsida av Svartdalen var det mykje behageleg å kvile auga på. Det var ei grom gruppe å gjeste.
Nokre toppar i vest hadde hatt eit lite skylag rundt seg og på veg opp mot vestraste fekk også eg ei dose saman med ein kraftig vind. Skydekket drog kjapt forbi med eit rått skue og etterlot meg mange megapixel fattigare/rikare (alt ettersom korleis ein ser det). Vestraste vart vitja og
dokumentert før eg gjekk opp til Vestre. På grunn av tjukt skydekke i horisonten byrja solnedgangen på Vestre. Drøya ikkje lenge før eg hasta på men tok meg tid til å fiske med tre småtopper ut frå ryggen mellom Vestre og Austre. Sola gjekk ned for godt på den fyrste av dei. Vurderte å droppe Austre men det var likevel så seint no att ein topp frå eller til spela liten rolle. Heftig blåtime no med kaldt og nådelaust ljos.

Seig sunset.
Seig sunset.

Oppe på Austre fekk eg ein gløtt av dei tre frå Nodre Kalveholotinden idet dei smatt over ved 2088 punktet. Vart ein del fotografering her med kveldsstund i Heimen. Svingte så oppom Mugna også før eg trakk ut pluggen for fleire toppar i dag. Rett nedanfor Mugna stod det ei gruppe på tre og skrudde på ei skibinding. Det viste seg at den eine av dei var på tur med nytt randoutstyr og bindinga var justert for stutt for skoen. Sikkert moro å finne ut der og da... Hadde han køyrt telemark hadde sjølvsagt ikkje det vært noko problem. Problemet til tross bestemte dei seg for å gå over Rasletind på returen. Kanskje for stor grunn av min ubetenksomme kommentar om at brefallet på sørsida mellom Austre Rasletind og Rasletind sikkert var svært fint å køyre no sidan dei hadde tungt utstyr. Det spørs kor takknemlege dei var for det tipset da dei braut seg laus på nedfarta i bekmørke litt seinare...

Ned mot Steindalen nådd eg att treerfølget frå Nodre Kalveholotinden saman med eit svært tett skoddedekke. Resten av nedkøyringa var svært interessant med skodde og myrkre.

User comments

  • -
    avatar

    Flotte bilder som vanleg :)

    Written by Eikås 26.11.2014 21:12

    Trur eg har lese rapporten din tre ganger no og finn stadig nye element ;) :) Ser at det er fine skiforhold og muligheiter :) Litt mindre enn normalen her i Jølst....!! Fine vinter og stemnings bilder Geir Arne

  • -
    avatar

    Kalverunde.

    Written by deleted user 25.11.2014 19:28

    Zapffe hadde nok likt dine betraktninger over naturen og menneskene i naturen, fotograf var han vist også!

    • -
      avatar

      Sv: Kalverunde.

      Written by Garm 25.11.2014 22:47

      Takk for det, det er få eller ingen som beherskar ordkunsta som Zapffe.

  • -
    avatar

    Flott turrapport...

    Written by waaktaar 24.11.2014 23:17

    fra en flott påskedag i fjellheimen! Selv om jeg nok hørte til en av de 240.000 med randoski på Rasletind...

    • -
      avatar

      Sv: Flott turrapport...

      Written by Garm 25.11.2014 22:24

      Må innrømme at det står to par randoski i skistallen min også men so lenge telemarkspara er i fleirtal tilgje eg meg sjølv for det...

  • -
    avatar

    Morsom lesing

    Written by hmsv1 24.11.2014 21:05

    men jeg lurer på om det finnes en bokmålversjon av denne fine historien, kan hende at det blir enda morsommere hvis jeg ikke er utfordret av dialekten :)

    • -
      avatar

      Sv: Morsom lesing

      Written by SturlaS 24.11.2014 23:41

      Forsiktig nå... Dialekt og nynorsk er to forskjellige ting. ;-)

      Ellers må jeg bare si det var en flott og underholdende rapport!

      • +
        avatar

        Re: Sv: Morsom lesing

        Written by hmsv1 25.11.2014 06:07
      • +
        avatar

        Sv: Sv: Morsom lesing

        Written by Garm 25.11.2014 22:22
  • -
    avatar

    Flotte bilder!

    Written by JPV100 24.11.2014 19:21

    Det kriblar litt i skibeina av å sjå slikt, men her i Romsdalen er det framleis berre joggeskoføre i fjella. Den bilrekka på flya minna jo mest om ein solskinnsdag i mai..

  • -
    avatar

    Du Geir Arne du Geir Arne

    Written by mortenh 24.11.2014 10:56

    Så du var der oppe igjen en tur? Med gliset rundt hodet igjen. Flotte bilder, selv om layouten på de tre siste var litt rar. Men prikken over i'en var teksten din med betraktninger og små korn som får en sjuk kontorrotte til å trekke på smilebåndet, ja til og med aktivere lattermusklene :)

    • -
      avatar

      Sv: Du Geir Arne du Geir Arne

      Written by Garm 24.11.2014 16:30

      Jepp. Såg du var i området laurdagen du også. Det var ikkje verste dagen å være på tur?

      Det gjekk litt fort i svingane da eg ordna layouten i gårkveld (natt), men det hadde ikkje vært meg om alt gjekk på skinner og var perfekt så det skal få stå som det står. :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.