Grønlifjellet 1385 og rundtur i grensefjell (17.10.2014)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Indrebø (310m)
Endpoint Indrebø (310m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 54min
Distance 23.2km
Vertical meters 2,120m
Map
Ascents Gotdalsnipa (1,249m) 17.10.2014
Grønlifjellet (1,385m) 17.10.2014
Litlebottsegga (1,345m) 17.10.2014
Skåhammarsegga (1,280m) 17.10.2014
Nord for Skåhammarsegga (1,255m) 17.10.2014
Syskarnipa (1,282m) 17.10.2014

Nydelege haustdagar og fine forhold i fjella, litt versnu etterkvart var det meldt og kanskje siste sjanse til å gå til fots uten snø. Sekken var pakka og klar for å komme seg raskt avgårde etter jobb, mørkna fort om kveldane no etterkvart. Tok av frå E-39 ved Ålhus og køyrer heilt inn i dalen til bom ved Indrebø, i dag kr 30,- Parkerte ved skilt Lanskapsvernområde og "veg stengt" skilt, det er ein grunn for det skiltet...! Enkelte grunneigarar køyrer med presisjon heilt opp på Gotdalsstøylen. Tok av frå Brekka over elva, vidare ein delvis trakka og turmerka sti opp Ålhusdalen. Gjekk rett opp ryggen og svaene til toppen av Sykarnipa. Fint å sjå heile ryggen og runda herifra, eit ganske vilt og flott område. Fekk med høgdene 1280 og 1255 før bratt nedstigning mot Gotdalskardet. Her var det greit å ha sett litt på kartet, men gode forhold så fint å komme seg ned. Grønlifjellet og Litlebottsegga nådde eg i nydeleg kveldsol, hadde litt tid endå til siste toppen Gotdalsnipa, som er fin å ta med på nedturen til Gotdalsstøylen. Her måtte eg berre ta meg tid til å nyte kremtoppane i vest som Storehesten 1209 moh Gjegnet 1670 moh /Gjegnen/Blånibba "Kjært barn har mange navn" har og ein Pf på 1460 ;) Botnafjellet 1572 moh Snønipa 1827 moh høgaste fjellet i Jølster og Gloppen. Gotdalsstøylen nådde eg i mørkna, og ekstra kjekt var det å sjå lys og bål på Støylen. Tenkte att eg fekk prøve å gjere meg til kjenne der eg kom frå fjella i mørkna. For å ikkje skremme karen som sat og kosa seg med stjernehimmelen, fjellroa og ei pils...men eg lykkast ikkje heilt med det...!! :) Tid til ein liten fjellprat vart det før eg tok siste vegstubben nedatt til bil og heim til hærleg kvelds med krabbe og reker som (sønn) Espen hadde lova å lage til....Ein flott og opplevelses rik dag som absolutt gir overskudd i kvardagen :)

Syskardnipa 1282 moh mot Jølstravatnet og lavtrykk på veg!!
Syskardnipa 1282 moh mot Jølstravatnet og lavtrykk på veg!!
Frå Skåhammaregga mot Syskardnipa
Frå Skåhammaregga mot Syskardnipa

Mot Grønlifjellet 1385 moh
Nydeleg kveldlys i Vest mot  Gjegnen 1670 moh
Nydeleg kveldlys i Vest mot Gjegnen 1670 moh
Fjellro på Gotdalsstøylen
Fjellro på Gotdalsstøylen

User comments

  • -
    avatar

    nice

    Written by Eikås 09.06.2015 22:25

    Hey! thanks for that:) The name of the mountain is Grønlifjellet 1385 moh. seen from the Northern side, the opposition is in one beautiful mountain area. Not far from, you will find a DNT cabin "Longevasshytta" where you can stay. http://ut.no/hytte/3.2226/ Hope you get nice and good mountain days in the area :)

  • -
    avatar

    nice

    Written by Dim3nsion 08.06.2015 20:04

    nice pictures we'll be in tha area this summer, whats the 5the picture which top is this ? thanks

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.