Stetinden (20.09.2014)

Written by JonnyA (Jonny Asperheim) GSM

Start point Leirvassbu (1,420m)
Endpoint Leirvassbu (2,020m)
Characteristic Alpine trip
Duration 7h 30min
Distance 12.5km
Vertical meters 891m
GPS
Ascents Stetinden (2,020m) 20.09.2014
Søre Stetinden (1,985m) 20.09.2014
Stetinden Sørtoppen (1,960m) 20.09.2014
Karin på toppen
Karin på toppen

Dette var vår laurdagstur på Pakbook-treffet på Leirvassbu, eit arrangement me (Karin og eg) hadde gleda oss til heilt sidan me melde oss på tidleg på året.

Og me vart slett ikkje skuffa. Eit omfattande turprogram vart gjennomført og om kveldane kunne me gleda oss over fantastiske bildeforedrag av folk som heilt klart har ”meir i ryggsekken” enn oss.
Stor takk til arrangøren med Morten i spissen og vel blåst!

Me hengde oss på laurdagsturen til Stetinden. Turen var opplagt som familietur og såg ut til å passa vårt nivå. Godveret frå fredagen forsvann diverre over natta og det var litt grått kring ”nevene” då turfylgjet på 20 starta frå tunet på Leirvassbu kl 09.10. Men alle var opplagde og ved godt mot.

Dei fyrste 2,5 km gjekk etter anleggsvegen nedover Gravdalen. Deretter tok me av til høgre og fylgde stien mot Smørstabbrean eit lite stykke før me sette kursen opp bakkane mot skardet mellom Stehøe og Stetinden. Grasbakkane vart etter kvart utbytt med ur av ymse kaliber. Småpausar måtte til oppover bakkane, og oppe i skardet la me kursen rett vestover opp ryggen mot fortoppen (1985moh)

Den kvasse eggen bort mot toppen
Den kvasse eggen bort mot toppen

Vel oppe på fortoppen gav nista og varm kaffi nytt mot og krefter til siste etappe, over toppeggen. Ein del av fylgjet valde å snu oppover bakkane, men tretten av dei startande heldt fram mot toppen.
Nokre var nok litt skeptiske til den stupbratte vesteggen som me skimta bortover i skodda, men vart roa ned av turleiaren som fortalde oss at ein treng ikkje å oppsøka dei utsette punkta, men gå i hellinga innanfor eggen.

Sakte men sikkert bevega me oss bortover eggen og seinare litt brattare oppover med litt klyving mot hovudtoppen. Kl 13.00 var me ved målet, Stetinden 2020 moh.

Mellom deltakarane som nådde toppen, var ei på 8, to på 9 og ei på ti år. Tøffingar! Aldersskilnaden mellom den eldste og yngste var 60 år.

Etter den naudsynte ”fotosession” returnerte me attende til ein liten plattform under toppen der turleiar Morten diska opp med varme pølser, lomper, brød og Bamsemoms. Fantastisk med grillkjøken på 2000 meters høgde!

Det hadde yra og regna litt utover dagen og gjorde steinane noko glattare. Men alle tok det roleg nedover og returnerte til utgangspunktet i fin stil.

Under vegs observerte me fire ryper som nesten hadde fått full vinterdrakt.

Takk for ein flott tur og eit flott turfylgje!

Elles synest me Linn Therese skreiv ein kjempeflott artikkel etter turen.
Setinden

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.