Over Stålberghornet og Konehornet (13.09.2014)

Written by johan99 (Johan Hustadnes)

Map
Ascents Konehornet (1,275m) 13.09.2014
Stålberghornet (1,285m) 13.09.2014
Vest for Stålberghornet (1,072m) 13.09.2014

Ein flott tur for tre år sia førte til kontakt med Knut Riise som kjente ruta frå Viddalstranda. Han og fleire tok turen i fjor, og i år fekk eg invitasjon. Knut hadde operert kne, så på turen var initiativtakar Åge Davidsen, Dagny Riise Heggestad, Trine Strand Storborg, Magne Riise, Oddvar Rørstad og Johnny Kalvatn.
Skyssbåten sette oss i land ved "Gallsteinane".Ruta er enkel. - Rett opp langs ryggen som fører opp innom Stålberghornet. Først ein del kjemping i bratt skog, så meir og meir klyving etter kvart som ryggen smalnar inn. Det vart aldri vanskeleg, men bra med tørt terreng. På 900 meter er ei lita slette før ryggen blir ei kvass egg. - Men her ligg ei hylle som forbausande lett fører inn i ei renne. - Som fører opp på platået.
Utsikta frå Stålberghornet er av dei flottaste, men i dag var det heller grått.

Vi var ut på hjørnet som deler Hjørundfjorden før vi fulgte kanten opp til Stålberghornet. - Her låg hurtigruta rett under oss. Vidare ned i Helgdalen og opp til Konehornet. Bratte grasbakkar ned i Konedalen og så "jaktaråsa" ned til Øye. Kjempetur!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.