Nydeleg topptur til Mjølkedalstinden- via sør renna (05.09.2014)

Written by knutsdotter (Ingrid)

Start point Eidsbugarden (1,065m)
Endpoint Eidsbugarden (1,065m)
Distance 27.0km
Vertical meters 1,073m
Map
Ascents Mjølkedalstinden (2,138m) 05.09.2014

Eg og Atlas, ein smekker flott Berner Sennen, tok sikte på Mjølkedalstinden denne dagen. Start ved Eidsbugarden og full fart mot Store Mjølkedalsvatnet. Det synte seg å verta ein fabelaktig flott dag for topptur i Jotunheimen - vindstille, sol og eit snev av haust.

Mjølkedalsbreen
Mjølkedalsbreen

I underkant av to timar var vi ved stiskille til Olavsbu og Skogadalsbøen ved Snøholsvatnet og Mjølkedalstjørni. Her tok vi rake vegen mot pkt 1843 og vidare mot foten av fjellet som openberra seg.

Rykkar stadig nærmare. Olavsbunuten til høgre.
Rykkar stadig nærmare. Olavsbunuten til høgre.

Svært mange inntørka tjørn og lite snø gjorde hunden mindre begeistra. Fekk raskt lokalisert renna på sørsida som ser noko ugjestmild ut frå dette nivå. Oppover ura gjekk det raskt men ettersom det vart i brattaste laget takka turfylgjet mitt for seg ved 1950 moh og sette seg ved standplass og passa sekken. Då var det berre å angripa den formfulle toppen.

Fin formasjon
Fin formasjon

Utsikten var pittoresk og spektakulær.

Mot Store Mjølkedalsvatnet og Tyin
Mot Store Mjølkedalsvatnet og Tyin
Etter kvart vart det lett men fin klyving opp renna. Noko lause steinar og massar oppover og eg trekte til venstre heilt på kanten av eggen før dei siste høgdemetra opp mot sjølve toppunktet på 2138.
Heilt åleina med eit mektig flott utsyn!
Falketind, Langeskavltind, Stølsnostind, Uranosryggen og mykje meir 
snadder
Falketind, Langeskavltind, Stølsnostind, Uranosryggen og mykje meir snadder
Mot Tyin
Mot Tyin
Majestetane i Hurrungane
Majestetane i Hurrungane

Mangt kan seiast om ein slik dag og tur, best er det å vera tilstades. Returen gjekk raskt ned att renna og vart mindre problematisk enn forventa. Turkompisen min venta med ualminneleg stor entusiasme.

Så vart det god gang på beina til Eidsburgarden. Ved Tjørn 1436 overraska vi eit par turtelduer i telt som endte med latter, flir og ein fin liten kaffipause!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.