Stordal/Vestnes: Brudefølget og Rollsbotnskorka + 2 til (31.08.2014)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Pusken sæter (390m)
Endpoint Pusken Sæter (390m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 49min
Distance 20.0km
Vertical meters 2,300m
Map
Ascents Brudefølget (1,345m) 31.08.2014
Litleskorka (1,164m) 31.08.2014
Rollsbotnskorka (1,333m) 31.08.2014
Storlihornet (995m) 31.08.2014

Lite helgaraid til toppar lengst nord på Sunnmøre, på grensa til Romsdal. Status etter denne kanonhelga er:

Sunnmøre pf 100 510/519
Sunnmøre pf 50 884/926

Lise har skrive utfyllande om sine opplevingar frå denne turen, sjekk her:

http://peakbook.org/tour/100861/Ny+dag+frå+Pusken.html

På Rollsbottskorka, Lauparen til høgre.
På Rollsbottskorka, Lauparen til høgre.

Etter Rollsbottskorkja skilde vi lag. Klokka var no 1410 og eg skulle prøve være tilbake på Pusken seinast 1800 så det ikkje skulle bli så seint heim. Planen var Brudefølget-Litleskorka-Storlihornet. Vi hadde felles matøkt aust for Rollsbottskorka. Gjekk utan sekk mot Brudefølget. Lise la igjen den med mesteparten av utstyret, ho bar Vinjar og ei lita rumpetaske nedigjen. Tok ned ca 100 høgdemeter nordover mot Dalsbotnen. Vidare opp i skaret mellom Rollsbottskorkja og Brudefølget. Herfrå bratt oppover. Nesten oppe møtte eg 3 karar som hadde komt frå Tresfjordsida opp Dalskleiva. Kort samtale med dei. Til høgste toppen på Brudefølget var det ikkje noko vanskeleg, berre litt konsentrasjon i eit par mosegrodde hyller. Særdeles fin topp! Eineståande som Eikås ville sagt det! Passerte dei 3 karane før eg var komen ned i skaret igjen, vidare opp til sekken og litt austover mot Litleskorka. La frå meg sekken igjen og tok denne. Tilbake ved sekken nok ein gang, akkurat i det karane frå nord kjem. Dei hadde klokke som viste 1607. Då hadde eg brukt under 2 timar på Brudefølget og Litleskorka. No var det heldigvis tid til Storlihornet. Fulgte samme ryggen ned til Kleivavatnet som vi gjekk opp. Kort matpause og ein liter vatn før eg tok til på den dryge bakken rett opp til Storlihornet. Herifrå prøvde eg å gå i ei bortimot rett linje til Pusken. Såg den kvite bobilen langt der nede. Endeleg framme ved bilen 1740, etter ein kjempeflott dag. Sjølvsagt litt pes når ein går åleine og det ikkje skal bli for seint, men det øydelegg ikkje opplevinga.

Frå Brudefølget mot Rollsbottskorka
Frå Brudefølget mot Rollsbottskorka
Frå Brudefølget mot Tresfjord og Molde
Frå Brudefølget mot Tresfjord og Molde

User comments

  • -
    avatar

    Hærlege bilder :)

    Written by Eikås 01.09.2014 22:45

    Det var ikkje langt mellom oss denne helga :) Men eg ser at de har hatt ein kjempe tur og :) Dumt eg ikkje hadde tid å stoppe på veg oppover mot Romsdalen...Dåke var jo berre nokre km bakom :) Sånn er det når ein skal rekke ein fjelltopp før det blir mørkt ;) Vi må ta att ei kaffe økt snart :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.