Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Langvatnet rundt fra Kinna

Datum:
17.06.2018
Tourlänge:
2:05h
Entfernung:
8,4km

Ei kjent rute som eg har sett så mange gongar frå Reinsfjellet måtte til slutt prøvast ut. Ein søndag i juni var det tid for lett jogging, litt tusling og ørlitegrann kaving (i tett skog) rundt Langvatnet ved Kinna og Hoem. Mykje fluer og to hoggorm gjorde at vi fekk litt å bakse med, men ellers var dette ein veldig fin tur.

Karte    

Hyefjordeggen (Skjerdalseggene/Akslefjellet)

Datum:
09.06.2018
Tourcharakter:
Hochtour
Tourlänge:
24:22h
Entfernung:
20,7km

Fleire av oss hadde gått delar av ruta før. Alle hadde tenkt på å gå denne turen ein gong. Men ingen hadde, inntil denne helga, gått heile ryggen frå start til slutt. Og ryggen det er snakk om, er fjellryggen mellom Hyefjorden og Skjerdalen i Gloppen, i vårt tilfelle frå Hope i sør, til garden Skjerdalen i nord. Vi klarte ikkje å finne noko etablert lokalnamn på heile denne eggen, og det er heller ikkje laga noko turistnamn ala "Romsdalseggen" eller "Besseggen", så i vårt tilfelle hadde vi berre arbeidstitlar å gå på: Hyetraversen, Hyefjordeggen, Nordfjordeggen, Akslefjelleggen (eller berre Akslefjellet), Skjerdalseggen (eller Skjerdalseggene) etc. Kjært barn har mange namn heiter det. Men skjulte perler har færre. Vi går for Hyefjordeggen inntil vidare, >>>