Triglav (17.07.2018)


Eitt av måla for sommarens bobiltur var Slovenias høgaste topp - Triglav. Vi gikk frå Vrata-dalen, og valgte Tominskova-ruta oppover. Her var det ein del via ferrata, og vi var glade for å ha med via ferrata-utstyret vårt! Det er ikkje vanskelig, men til tider ganske så luftig. Mindre folk på denne ruta. Vi møtte faktisk ingen før vi kom opp til punktet der Tominskova-ruta møter Prag-ruta. Herfra og opp møtte vi ganske mange. Vi kom oss heldigvis til toppen før skyene la seg til. I motsetning til Norge har Europa hatt mykje vær denne sommaren, og ettermiddagen var gjerne prega av bygevær, lyn og torden. Vi fikk heldigvis ganske god utsikt på toppen. Vi valgte å gå Prag-ruta nedatt. Turen ned blei egentlig meir slitsom enn turen opp (mykje laust). Ingen tvil om at Tominskova er ei finare rute, men etter vår vurdering bør ein altså ha med via ferrata-utstyr her.
Undervegs på Tominskova-ruta
Undervegs på Tominskova-ruta
På toppen av Triglav
På toppen av Triglav
På toppryggen
På toppryggen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.