Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Jarphaugen på ski

Date:
19.02.2020
Characteristic:
Ski trip

Litt uventa kom det ein onsdag med klårvær og sol her på Nordmøre, så da vart det anledning for enda ein skitur før nasen blei vend tilbake til østlandet. Jarphaugen i Bøfjorden blei satt som mål, ein heller beskjeden topp, men med over 100 meter pf. Det er parkeringsmoglegheiter rett ved der turstien startar, men snøfall og mangel på brøyting gjorde at bilen blei satt att ved Bøfjorden Grendahus. 100 meter tilbake langs bilvegen finn ein skilt til Svartvatnet, og turstart. Opp skogsvegen var det fint skiføre, og snøen hadde ligget urørt fram til eg no trødde meg oppover. Slak stigning inn til Svartvatnet og vidare innover langs skogsvegen. Ca ein kilometer forbi Svartvatnet deler vegen seg, og ein held opp til venstre for å peile seg inn på Jarphaugen. Ved neste vegskille >>>

Map     4 comments

Garthøglia

Date:
15.02.2020
Characteristic:
Ski trip

Vinterferien starta med eit finværsvindu i det som var spådd å bli ei heller begredelig væruke på Nordmøre, så det måtte ein dra nytte av. Felleskia var lagt att i hovudstaden, men far i huset kunne by på utlån av eit eldre par smørefrie ski som ville gjere nytta opp til Garthøglia. Innover frå parkeringa ved nordmarka skisenter på tråkka løyper. Fint og småkuppert terreng inn til trimposten, med Sulene og Trollhøtta som naturlige blikkfang i sør. For mange ender nok turen her, men sjølve toppen på Garthøglia ligg ein nåre høgdemeter lengre opp til side for skiløypa, så her blei det tråkking i djupsnø opp til toppunktet. Nordmarksrunden var ikkje køyrd opp, så det blei retur same veg.

Map    

Påsketur over Viglene

Date:
16.04.2019
Characteristic:
Ski trip

Ein tur som har ligge i tankane sidan Storviglen blei bestege påska for to år sidan. Å sikte seg inn på alle fire Viglene burde gje moglegheiter for god skuddpremie. Slik blei det, og etter å ha lagt fram plana slutta heile seks par ski seg til følgjet, og vi blei i alt sju som tok fatt på rundturen. Med start frå Vauldalen Fjellhotell gjekk det langs tråkka løyper inn til Ruten og riksrøyse nummer 149, før spora etter tråkkemaskina tok oss enda vidare over på svensk side rundt nordsida av Gråhøgda. Deretter ned på skarpt føre og over ein frossen Bolagen, før det blei rast ved hytta som ligg rett over på norsk side. Derifrå opp Slupkieh til det lågaste punktet på ryggen mellom Tverrviglen og Storviglen. Sistnevnte blei besøkt først, siste partiet utan ski. Nedkjøring >>>

Map    

Randoneetur til Vassnebba/Grånebba

Date:
15.04.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Map    

Randoneetur til Langøyfjellet

Date:
14.04.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Map    

Påsketur til Storviglen

Date:
15.04.2017
Characteristic:
Ski trip
Map    

Skitur til Strengen

Date:
11.04.2016
Characteristic:
Ski trip
Map    

Viglpiken

Date:
07.04.2015
Characteristic:
Ski trip
Map    

Kufjellet

Date:
03.04.2010
Characteristic:
Ski trip
Map    

Løålikjølen

Date:
unknown
Characteristic:
Ski trip
Map