Archive - Date
Archive - Activity
-
Ski trip (50)
- Cross-country skiing (15)
- Randonnée/Telemark (27)
- Trip by foot (153)
Favourite trips
Favourite peaks
Hesten, Tritindan og Sandvikhaugen
- Date:
- 31.08.2022
- Characteristic:
- Trip by foot
- Duration:
- 8:56h
- Distance:
- 19.9km
Nokre turmål er det knytta meir spenning til enn andre. Hesten i Innerdalen er eit slik turmål. Med lite dokumentasjon å finne om ruteføring og andre utfordringar på vegen hadde det opp gjennom tida opparbeida seg ein slags mystikk rundt toppen som stig opp på vestsida av Grasdalen. Ein hadde håpa på å kunne freiste lykka opp hit ved fleire anledningar tidlegare, men først no skulle moglegheita verkeleg by seg, ein solvarm og vindstille dag heilt på tampen av siste somarmånad.
Start frå Dalen parkering i ein temperatur som avslørte at somaren var på hell, og med shorts og korterma var det heller gledeleg å møte sola oppe i lia som fører opp til Grasdalen og etter kvart Viromsetra. Litt forbi setra på ein sti som stadig bli meir beskjeden innover, før eit par bekkekryssingar >>>
Frå Lønset til Gjøra
- Date:
- 29.07.2022
- Characteristic:
- Jogging
- Duration:
- 7:52h
- Distance:
- 32.7km
Ein uvanleg fin julidag på Nordmøre måtte benyttast til det fulle, og med litt logistisk planlegging hadde vi på formiddagen fått plassert ein bil nede ved Gjøra kapell og ein oppe ved Horvlia p-plass, kor i tillegg to turgåarar stod klare med snørte sko. Med lett oppakning bar det oppover eit system av stier i retning dagens første smultring, Sæterhaugen. Mange stier i dette området, nokon trødd av folk, andre av fe - eg anbefaler den trødd av folk.
Vel oppe på Sæterhaugen var det slutt på sti, men terrenget var oversikteleg og ikkje spesielt ugjestmildt, så det blei enkelt staka ut ein direkte kurs opp til Sæthøa og vidare til Gjerdhøa. Herifrå langs ryggen opp til Svorundfjellet og vidare bortom Roksdalskammen, før det på nytt blei staka ut ei relativt direkte rute, >>>
Honnstadknyken
- Date:
- 19.07.2022
- Characteristic:
- Jogging
- Duration:
- 1:43h
- Distance:
- 10.7km
Kveldstrimmen blei lagt til Honnstadknyken, og slik fekk fottursesongen i Trollheimen ein sein og etterlengta start. Overskya, men opphald, og som alltid noko eige med å ta inn over seg utsynet over bygda frå toppen av Knyken.
Soggnebba
- Date:
- 23.05.2022
- Characteristic:
- Jogging
- Duration:
- 1:22h
- Distance:
- 9.3km
Årets første besøk på Soggnebba. Utsikta like fin i år som tidlegare. Ein liten variant på vegen opp, ved å ikkje ta av traktorvegen når StikkUt-skilta leiar inn på stien mot høgre, men halde fram langs vegen som til slutt ender inne ved Honnstadvatnet. Herifrå stien opp.