Arkiv - datum

Arkiv - aktivitet

Listor jag samlar på

Honnstadknyken

Datum:
30.06.2021
Turtyp:
Fotvandring
Avstånd:
10,5km

Ein fin kveldstur opp til Knyken for å beskue bygda i låg solgang.

Karta    

Blånebba via vesteggen

Datum:
27.06.2021
Turtyp:
Fotvandring
Avstånd:
11,9km

Det har lenge vore snakk om vesteggen som leiar opp til Blånebba i Søyådalen. Både fjoråret og året før var meint å skulle leie oss opp hit, men forholda låg aldri heilt til rette for at det skulle gå å samkjøre eit turlag opp denne vegen, før ein sein junidag endeleg sjekka av alle boksane. Med start frå Holtasetra gjekk vi stien innover Søyådalen, og tok deretter av opp lia når det vart skilta mot Blånebba. Fin sti å gå etter, og den forsvinn ikkje før landskapet har åpna seg og resten av ruta gir seg sjølv. Vi vendte no nasen mot eggen som går opp frå vest, og dagens store mål. Enkelt og greit i starten etter kvart som det smalnar av og bratta tek til. Etter kvart heldt vi litt mot høgre fram til vi kom til eit punkt der det var fleire rutevalg å vurdere. Ein kunne >>>

Soggnebba

Datum:
16.06.2021
Turtyp:
Joggingtur
Tidsåtgång:
1:03t
Avstånd:
8,0km

Ettermiddagstrim frå stuedøra og opp til Soggnebba. Nokså blaute stiar etter den siste tidas gråver, men fint på toppen likeså, naturligvis.

Karta    

Skardfjellet

Datum:
05.06.2021
Avstånd:
7,6km

Føremiddagen bydde på såpass godt ver at ein måtte komme seg ut også denne laurdagen. Opp langs fin sti til Skardfjellet ovanfor Østbødalen, og ein tur innom den populære Kristianvarden på returen.

Karta    

Honnstadknyken

Datum:
01.06.2021
Turtyp:
Fotvandring
Avstånd:
10,6km

Årets første tur til Knyken i småsko - eit høgdepunkt i sesongen kvart år! Ein fin kveld med den første junisola som ledsager på veg ned Svarrafjellet.

Karta