Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Hoåsnebba

Datum:
29.05.2021
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
10,9km

Forrige helgs skitur til Kongskrona gjorde oss oppmerksame på at ruta opp til Hoåslia såg overraskande snøfri ut, så ved neste og beste anledning blei det beslutta å ta ein tur opp hit. Hoåslia var framleis bratt og strabasiøs, men belønninga er som alltid verdt strevet. Oppe ved Fossa går ruta østover langs kanten mot Sunndalen. Det har i nyare tid blitt merka ruta opp her. Denne brukte vi berre sporadisk på veg oppover, men kom oss likevel greit fram. Litt klyving siste biten over kanten mellom bratt terreng og snøfonner som framleis ikkje har gjeve tapt for vårsola. Kryssing av ytterligare nokre snøfonner på toppen før samtlige toppunkt og varder blei besøkt, inkludert ein litt lengre avstikkar bort til Nordre Hoåsnebba. Returen blei lagt i ei slynge litt lengre ned mot >>>

Karte    

Kongskrona

Datum:
24.05.2021
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
20,9km

Ein real randoneetur som hadde litt av alt. Initiativtakar frå Trøndelag og ein ekstra turkamerat frå Surnadal sette i veg oppover Hoåslia med skia på sekken. Delvis utfordrande gjennom vegetasjonen, men lia åpnar seg fort og problema forsvann. Oppe ved Fossa i fantastisk mai-ver, kor det blei rast og skifte av skotøy. Framleis bra med snø innover flatene her oppe. Slagt innover mot Vinnubreen. Vi peila oss ut ei rute oppover etter kvar som mota møtte oss, og kom inn på eit skispor frå Grasdalen. Ein avstikkar til Østre Vinnufjell før vi tok oss opp til sjølvaste Kongskrona. Fekk toppen heilt for oss sjøl, og såg ikkje anna folk enn eit turlag som satt oppe på Dronningkrona. Litt sondering på tur ned for å finne beste rute opp over Søre Vinnufjell og bort til Furunebba, som >>>

Karte    

Soggnebba

Datum:
21.05.2021
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
8,0km

Soggnebba er som alltid fin å besøke ein gong eller to i løpet av sesongen, og med stikkut-post satt ut og aktivert er motivasjonen ekstra høg for den som puslar med slikt i det små. Utsikta framme på nebba slutar aldri å imponere!

Karte    

Badstufjell

Datum:
14.05.2021
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
5,5km

Etter kvart fast innslag ved besøk på sørlandet. Badstufjell tilbyr lett tilgjengeleg utsikt mot hav og skoger i området. Fin og tydeleg rute oppover, godt tilrettelagt av kven enn som har teke på seg arbeidet.

Karte    

Østmarka på langs

Datum:
07.05.2021
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
30,0km

Når ein sit og studerar kart over område ein ferdast ein del i, dukkar det stadig opp idear - nokre meir realistiske enn andre. Når det no vart høve for eit sjeldant besøk til Østlandet måtte det harde prioriteringar til, og fullføring av lista Østmarkas høyeste topper måtte vike for eit anna mål, nemleg å få tilbakelagt heile Østmarkas lengde i eitt stort magadrag. Slik blei det buss til Ytre Enebakk og stistart, med målgang ved Blystadhytta nærmare 30 kilometer unna. Desse metrane blei forsert langs blåmerka turiststiar i variabelt terreng. Delvis langs lettløpt underlag med jevn, fast sti og grusvegar, delvis langs meir utfordrande løpeterreng som myr og ujamn sti med stein og røtter tett i tett. Fint er det uansett gjennom Østmarka, og med blå himmel og vakkert vårver blei det ein fornøyeleg >>>

Karte    

Strengen

Datum:
02.05.2021
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
8,3km
Karte    

Honnstadknyken frå Vindøldalen

Datum:
01.05.2021
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
16,0km

Flaggdag og lovander om brukbart ver i kombinasjon med gode minner frå nedkøyringa frå Knyken mot Rabban var nok til å få overbevist heile fem mann om å måte på seg skiskoa nede ved vegen som slynger seg opp mot Vindøldalen. Flagg i sekken og godt pågangsmot tok oss inn langs skuterspora så langt dei rakk. Litt att i fram i meir ulendt terreng før vi var oppe i åpent lende mot Knykens topp. God og fin rast på toppen før det bar nedover med hælen fastspendt. Overraskande fint føre i favoritthenget, og ein flott utnytta 1. mai.

Karte