Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Syltnebba

Dato:
28.12.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
1:38t
Distanse:
7,0km

Sesongens andre randoneetur gjekk i tospann langs skogsvegen opp til Syltnebba. Fin snø og gode forhold.

Kart    

Løålikjølen

Dato:
27.12.2021
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
1:02t
Distanse:
10,5km

Sesongens første skitur gjekk opp til Løålikjølen i formidabelt romjulsvær. Litt trå snø, men vakre forhold og etter kvart bra med folk i løypa.

Kart    

Strengen

Dato:
05.12.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
2:32t
Distanse:
9,3km

Startskuddet på randoneesesongen gjekk nede ved Vang skisenter, og endte på toppen av Strengen. Noko vind og tilhørende vindpåvirka underlag heilt øverst, men silkemyk pudder vidare nedover. Ein liten strafferunde for å snike med seg litt ekstra køyring og moro.

Kart    

Aukeåsen

Dato:
16.10.2021
Turtype:
Fottur
Distanse:
7,0km

Selskapet som var samla for bursdagsfeiring ved Ramton Camping fekk lufta seg i løpet av laurdagen, og Aukeåsen blei målet. Start ved Nærsnes skule, og langs grusveg inn til Bårsrudtjernet. Godt med stier i området og uproblematisk å finne opp til toppen og varden. Litt fram mot kanten for å finne gapahuken som er reist her oppe, og gir flott utsyn innover Oslofjorden og hovedstaden i enden. Retur same veg.

Kart    

Blåhø og Falkfangarhø

Dato:
02.10.2021
Turtype:
Løpetur
Distanse:
29,8km

Ein godt utnytta laurdag med utgangspunkt i Gjevillvassdalen. Fin transport langs godt tilrettelagt sti inn til foten av Blåhø. Kort avstikkar bort til Kamtjønnkollen medan reisefølgjet starta på stigninga til Blåhø. Gjenforening på toppen og retur om eit knippe Svarthamrar og Falkfangarhø.

Kart    

Honnstadknyken

Dato:
28.09.2021
Turtype:
Løpetur
Distanse:
10,4km

Fin trimtur til Knyken ein særs vakker haustkveld. Sola som ledsager heile vegen. Ein relativt kald haustvind prega rasten på toppen, men ellers ypperlige forhold for å sitte å skue litt utover bygda.

Kart    

Seterfjellet

Dato:
26.09.2021
Turtype:
Fottur
Distanse:
10,9km

Søndagstur til Seterfjellet i Vindøldalen. Start ved brua som leiar over Vindøla til ei klynge hytter på vestsida av dalen. Herifrå på skrå oppover terrenget i retning Fauskåa og Seterfjellet. Ingen antydning til sti etter at den siste hytta er passert, men dertil mykje myr. Bratt opp til topplatået av Seterfjellet, og langs terrenget opp til toppvarden. Fin utsikt til Blånebba, ei snøkledd Rognnebba og Snota. Retur same veg.

Kart    

Honnstadknyken

Dato:
19.09.2021
Turtype:
Fottur
Distanse:
10,5km
Kart    

Runde om Snota

Dato:
28.08.2021
Turtype:
Fottur
Distanse:
24,5km

Rundtur om fjellmassivet som omkrinsar Vassdalen. Områdets ubestridte dronning hadde vore besøkt fleire gongar tidlegare, men det var eit og anna i området omkring som endå ikkje var kryssa av. For mest effektiv ruting over desse toppane blei det start frå Vindøldalen, og sykkel inn mot Vassdalen. Opp til utløpet av Vassdalsvatnet og fotografering av eit etter kvart klassisk motiv. Frå enden av Vassdalen gjekk det opp mot aust, i starten langs god og tydeleg sti som etter kvart forsvann meir og meir. Oppe på ryggen som fører mot Litl-Snota blei det sikta i relativt strak linje inn til Snota Nord. Nokre snøfonner og manøvrere rundt, men ellers greit. Bratt opp att til ryggen og nedom Litl-Snota til eg kom inn på normalruta til Snota. Sjølv om turen i seg sjølv var lang nok i utgangspunktet >>>

Kart    

Storlifjella

Dato:
05.08.2021
Turtype:
Fottur
Distanse:
34,1km

Bobilferien held fram, og denne dagen våkna fjellfararane i Storlidalen, med ein runde over Storlifjella som det store målet. Igjen visast det til turkamerat og ordsme Aarvåg sine verker for meir utfyllande informasjon om turen, her supplert med ei stor handfull bilete.

Kart