Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Honnstadknyken

Date:
14.10.2020
Characteristic:
Jogging
Distance:
10.3km

Dagens løpeøkt blei lagt til Honnstadknyken da det var meldt blå himmel og full sol denne ettermiddagen. Det skulle derimot vise seg at værmeldarane bomma grovt også i dag, som dei har for vane å gjere. Trim blei det uansett, og til tross for ein blaut sti som syng på sesongens siste vers fekk eg stabla meg opp til toppen og ned att. Om ikkje dette var den siste toppturen til fots i år, så er det i alle fall ikkje langt unna, for vinteren bankar hardt på døra til Trollas fjellheim no.

Map    

Honnstadknyken

Date:
06.10.2020
Characteristic:
Jogging
Distance:
10.3km

Ut på ettermiddagen kom det tilbud om å bli med på tannlegetrim opp til Knyken, og med dårlege utsikter for verbruket resten av arbeidsveka var det berre å slå til. Ein skal dog ikkje ta lett på eit slik tilbud og tru at det er tradisjonelt firmaturtempo det blir lagt opp til når desse to legg i veg, så her var det berre å leggje att så mange gram ein kunne både i sko og oppakning. Frisk bris på toppen, men elles vakre forhold denne oktoberkvelden.

Map    

Snota og Litl-Snota

Date:
01.10.2020
Distance:
30.9km

Oktober måned starta på best mogleg måte med sol og blå himmel. Ganske bra med vind var det derimot spådd, men vi lot oss ikkje skremme av det og svinga oss opp mot Gråsjøen i Folldalen med Trollheimens dronning Snota for auget. Den klassiske ruta opp blei benytta, men litt lengre enn vanleg blei det da brua under demninga var stengt for renovasjonsarbeid. Som alternativ var det satt opp ei gangbru for fotturistar å bruke. Dermed blei det parkert på austsida av Gråsjøen og vandra inn til Gråsjøen parkering. Herifrå fulgte vi stien opp til makalause forhold på toppen; sol, varme og vindstille. Vinden hadde blese frå seg nede ved Svartvatnet, og oppe på toppen kunne vi no speide rundt oss fritt for kuling. Returen blei supplert med ein avstikkar opp på Litl-Snota som ikkje tidlegare >>>

Map