Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Gardfjellet

Date:
27.09.2020
Distance:
7.1km

Ein vakker søndag i slutten av september blei ramma for ein fin liten tur opp til Gardfjellet vest for Gråsjøen i Folldalen. Vakre farger og klår luft typisk for årstida gjorde dagen rett så triveleg, og den ikkje alt for lange ruta opp til toppen blei ein rein fornøyelse. Ved stistart markert med skilt til Gråhaugen bar den innover i retning Trollheimshytta før skilt mot Gardfjellet markerte starten på stien opp lia. Bløtt for anledninga, men rett så fint når ein først kom seg opp på ryggen. Fin transport herifrå og til toppvarden, alltid under oppsyn av Snota på motsatt side av dalen.

Map    

Gaustatoppen

Date:
19.09.2020
Distance:
11.4km

Det blei sagt at om veret spela på lag den helga eg hadde planlagt å besøke Østlandet skulle ruta bli lagt til Gaustatoppen. Med lovnad om sol og blå himmel så langt auga kan sjå (og dei kan sjå langt på toppen av Gaustatoppen) blei det transport med utgangspunkt i Lørenskog og endepunkt ved Stavsro parkering. Her starta turen opp til Noregs vidaste panoramautsikt. På veg opp blei det to avstikkarar; først kort opp til Store Stavsronuten kun eit godt steinkast frå hovudstien, deretter litt lengre opp til Gaustaråen. Herifrå blei det retur til stien kor vi etter kvart slutta oss til resten av følgjet, som i dag bestod av totalt seks. Til tross for at alt av fellesferie og turistsesong var over var vi ikkje riktig åleine om å stake oss opp ein kurs til topps. Det som kunne sjå >>>

Map    

Bjønnåsen om Åmotdammen

Date:
18.09.2020
Characteristic:
Jogging
Duration:
0:39h
Distance:
6.0km

Ein tur innom Østlandet og gjensyn med vakre Østmarka. Runde frå stuedøra og opp til Bjønnåsen om Åmotdammen markerte starten på denne vakre fredagen i september. Hausten har så smått begynt å innta skogene, og langs lauvdekte stier tok eg meg opp til den vakre utsikta på toppen.

Map    

Telstadfjellet

Date:
05.09.2020
Duration:
0:57h
Distance:
9.0km

Frisk start på laurdagen med ein løpetur til Telstadfjellet. Fin profil på løypa; nokså grei stigning opp skogen og flatare når ein kjem over tregrensa. Tydeleg sti heile vegen, men for tida veldig blaut og tungtrødd. Kort pause på toppen med litt betraktning av Snota i det fjerne, bilettaking og notering i toppboka.

Map    

Naustådalen rundt

Date:
01.09.2020
Distance:
37.7km

Når ein heile måndagen satt inne og fekk servert finværet utelukkande gjennom sosiale medier var det dags for å ta saken i eigne hender når sola bestemte seg for å kaste pryd over Nordmøre også på tysdag. I frisk og klår haustluft mønstra eg derfor nede ved Kårvatn, klar for det som ikkje kunne bli noko anna enn ein premiumtur i fjellheimen. Dagens planlagte rute var sterkt inspirert av året 2020s frakkaste smultringnimrod aarvag (Steinar Aarvåg) , som hadde sondert terrenget rundt Naustådalen knappe to veker tidlegare. Med unntak av nokre få modifikasjonar i starten og midtvegs i ruta skulle eg forsøke å gjenta geskjeften, så med ein tettpakka sekslitring på ryggen var det berre å sette i veg. T-merka sti i retning Trollheimshytta tek ein fint opp ei relativt lettgått li som ganske snart kjem >>>

Map