Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Okla og omland

Date:
31.07.2020
Distance:
21.2km

Endelig skulle det kome ei finvershelg. Desse har det dessverre ikkje våre så alt for mange av somaren 2020, så når det no stod ei for døra måtte den utnyttast til det fulle. Etter ei initsiativmelding frå Trondheim blei plana klar; Gjevilvassdalen skulle være arena for ei minneverdig turhelg, og minneverdig blei det! I innhaldsfortegnelsen finn vi fottur i vakre fjellområde både fredag og laurdag, med telt, primus og sandstrand inn i mellom. Alt ein treng for ei perfekt helg med andre ord. Fredag formiddag kryssa tre av i alt fem camparar Gjevilvassdalens portar, og så langt som inn til sandstranda på Rauøra blei bilvegen fulgt. Her var vi no ute i god tid før helgesleppet hadde kome seg ut frå Trondheim, så det var berre å velge og vrake i teltplass. Etter etablering av camp >>>

Map    

Kvannjolfjellet

Date:
28.07.2020
Distance:
11.9km

Det var meldt litt sol frå morgonen av før ettermiddagsbygene skulle slå innover Todalen, så med ein relativt tidleg start frå Kårvatn burde det være moglegheit for ein rask formiddagstur i opphaldsver. Derimot var det spådd bra med vind i fjellet denne tysdagen, så med vindjakka lett for hand bar det no i veg frå Kårvatn p-plass med Kvannjolfjellet som mål. Hit går den kortaste vegen opp lia rett aust for Nauståfossen, kor ein overraskande fin sti tok meg raskt opp den bratte lia. Inn til stistart følgjer ein berre vegen inn til Nauståfossen, som til tider er veldig blaut. Inne ved fossen, som no kom ned med imponerande vannføring, går det ei bru over elva kor stien startar. Vel oppe den bratte lia flata det no litt ut når ruta gjekk rundt på nordsida nedunder Knubban. Framleis >>>

Map    

Honnstadknyken

Date:
27.07.2020
Characteristic:
Trip by foot

Honnstadknyken er alltid fin, og spesielt når det blir anledning til å nyte solnedgangen.

Map    

Fauskånebbene

Date:
25.07.2020
Distance:
12.2km

Ein måtte være litt tålmodig denne laurdagen skulle ein få godt turver, men når klokka nærma seg ett byrja ting å skje oppe på himmelen, og skyar måtte gje tapt for solvarmen. Slik verbruk måtte utnyttast, og med småsko og rask oppakning gjekk det no i friskt tempo opp den bratte grusvegen mot Fauskåvatnet. Turstart fann vi ved å køyre inn til parkeringsplassen i starten på Søyadalen og herifrå køyre over brua med grind. Vidare på andre sida går det nokre hundre meter før grusvegen går opp lia. Her er det også ein parkeringslomme med god plass til både ein og to bilar. Vegen er bratt og sola var varm, men om ikkje lenge flata det ut og det var dags for å forlate grusvegen og krysse bekken som kjem ned frå Fauskåvatnet. Det markerte starten på slutten av luksuslivet, >>>

Map    

Rundt Sulene

Date:
24.07.2020
Distance:
12.7km

Det såg ut til å skulle kome eit lite finversvindu i ein ellers begredelig juli måned her på nordvestlandet, og statsmetrologane hadde jobba seg fram til spådommer om både opphald og solgløtt. Eit dårleg stykke handarbeid skulle det derimot vise seg, og turdagen blei tilbrakt i skodde, nedbør og øvrig gråvær. Ein stoppar for planene blei det uansett ikkje, og seint på formiddagen mønstra eit turlag på fem nede ved vannkraftverket, kledd i goretex og anna vannavstøtande bekledning. Den kjente og godt markerte ruta opp til Ytre Sula blei utvida med ein avstikkar til Sula Sør for smultringanes skuld. Vegen hit gjekk på skå bortover lia eit godt stykke opp mot Ytre Sula, før det bar litt ned og så opp igjen. Været gjorde sitt til at ura var våt og sleip, og feste i skotøyet >>>

Map    

Kremtopper frå Todalen

Date:
19.07.2020
Distance:
18.6km

Kjente og kjære topper skulle få eit besøk i kombinasjon med to nye smårollingar som har fått lurt seg inn på smultringlista. Rambjøra og spesielt Vassnebba (får bruke det navnet når ein går opp frå Todalssida) er to favorittar som fortjener eit gjensyn. Med start frå Halset blei det som tidligare gått opp den bratte skogsvegen. Nytt for anledninga var at det hadde blitt gjort noko skogsarbeid i området, og vegen var derfor noko meir oppkøyrd no enn tidligare. I tillegg hadde det kome eit nytt vegskille, som var nok til å sende meg ut i feil retning. Hadde kome eit stykke før eg innsåg feilen, men da var det ikkje lange vegen eg måtte gnu meg opp lyng og barskog for å kome inn på rett spor att. Oppe ved trimposten blir veg om til sti, og med unntak av at den kan forsvinne >>>

Map    

Storfjellet og Bollknubben

Date:
18.07.2020
Distance:
10.5km

To mann svingte seg opp bratta innover Kvennødalen og parkerte til slutt bilen i ein lomme ved stistart til setrene på sørsida av Kvenndøla. Etter at turfølgjet hadde fått i seg ein heller improvisert frokost var det berre å snøre på seg skoa og legge i veg over myra. Ved Kvenndøla er det ei bru som gjer kryssinga uproblematisk, men byggverket er ikkje av året, og ein skal ikkje leggje for mykje lit i armstøttene på tur opp den heller bratte tretrappa. Vel over er det sti innover den eventyrlig passasjen gjennom bjørkeskogen inn til setrene med navn Garden, kor ein på andre sida finn stien som går opp lia. Tråkket opp her er overraskande tydeleg og lettgått, og fint å følgje heile vegen til toppen av lia. Vel oppe blir ein møtt av meir myr, og ein må nok budsjettere med >>>

Map    

Badstufjellet

Date:
12.07.2020
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
5.4km

Sørlandssommer betyr for det meste sol, bading og båtliv, men det viser seg at det finst nokre utsiktpunkt også her nede. Fin og godt markert trimtur opp til Badstufjell som gir godt utsyn over Lillesand, fjorder og hav.

Map    

Slettfjellet

Date:
01.07.2020
Distance:
6.9km

Etter at Sandfjellet i Folldalen var bestege var det klart for å ratte bilen opp Vindøldalen og sikte seg inn på Slettfjellet. Start i frisk kuling og striregn, og etter kvart hagl. Middels stemning hos ein i shorts og ikkje vanntett vindjakke, men skura passerte og ting såg lysare ut når eg fann fram til Kløvvegen som eg fulgte eit stykke nordover. Ruta blei så lagt nokså direkte opp langs blaute myrer og lyng i retning Slettfjellet. Ingen sti å spore her, men terrenget er greit å følgje. Vel opp finn ein ein storreist varde og fint utsyn mot Honnstadknyken. Kort pause før det blei retur same veg, heldigvis klar av omliggjande regnbyger.

Map    

Sandfjellet

Date:
01.07.2020
Distance:
7.0km

Juli måned betyr dessverre ikkje finversgaranti når ein oppheld seg på Nordmøre, og med tungt skydekke og regnver må dei store toppane og ekspedisjonane vente. Derimot finst det nok av småplokk å få med seg sjølv på gråversdagar som denne, og for å bidra litt til bomkassene ein finn oppover dalen blei ruta lagt til to små toppar i henholdsvis Folldalen og Vindøldalen. Først ut var Sandfjellet med start frå Folda P-plass. Over demning og vidare langs grusvegen finn ein her skilting opp mot Sandfjellet. Stien går først i myr og kan til tider være litt utydeleg, men tar ein seg tid finn ein fram. I regn og til tider hagl bar det no oppover, og etter kvart blir myr til fast fjell og stien betre. Den forsvinn til tiden opp lia, men blir fint supplert av sporadisk varding oppover. >>>

Map